View Full Version : Kyllingform med urter og kvitløk


Mithila
06-05-11, 11:03
2-4 personar

4 kyllingfilet
1 potte fersk basilikum
1 pk fersk persille
1 pk riven parmesan
1-2 fedd kvitløk
1 boks creme fraiche
Salt og pepar

Salte og pepre kyllingfiletane og legg dei i ei eldfast form. Hakk urtene og kvitløk, bruk gjerne food processor. Bland i CF og ost. Hell over kyllingen og steik på 200 grader i 40-50min. Eg serverer gjerne med ein grøn salat og pasta eller kvitløksbaguettar til dei som et det.

monja
08-05-11, 19:53
Denne var utrolig god. Tusen takk for fin oppskrift.

Mithila
08-05-11, 19:58
ja, ikkje sant?:) Så kjekt at du likte den!