View Full Version : Min fantastiske heimefødsel! - over på 39minutt


Konkelimonke
30-07-11, 13:42
Då var tida komen for at eg kan skriva om fødselen min.
Og eg må starta med at det var heilt fantastisk, samt at eg er så glad for at eg planlagde heimefødsel!

Tysdag 26.07 gjekk me og la oss som vanleg i 23 tida. Framleis to dagar til termin den 29.07, men eg kjende ikkje antyding til at noko kom til å skje denne natta heller.
Me hadde oss no ein runde med sengehygge, utan håp om at det ville setta igang ting denne gongen heller (skal nemnast at me har vore aktive på den fronten dei siste vekene... Haha!).
Klokka nærma seg 00:00, gubben hadde nettopp sovna, då eg høyrde eit "knepp" som var litt annaleis i lyd enn det vanlege kneppet bekkenet gav frå seg om eg snudde meg i senga. Uansett, eg låg jo heilt iro og skjøna ikkje kvifor bekkenet skulle laga lyd då? Jodå, tanken om at vatnet var gått gjekk fort opp for meg! Klokka var då 00:00.

Eg dulta til gubben, sa at vatnet hadde gått, og bad han om å henta ein kladd eg kunne legga under meg. Tenkte jo som så at dette kom til å ta tid. Han fôr ut av senga, henta kladden og la seg att. Eg merka fort det var meir vatn enn eg hadde rekna med, sa eg måtte ha meir handduk. Han spratt opp av senga att, henta ein handduk på badet medan eg stod opp. Det heldt fram med å renna så me gjekk ut på badet saman. Eg sende melding til jordmora mi "...og då gjekk vatnet, klart og fint." klokka 00:01.

Då me kom oss ut på badet kjende eg den fyrste vetle murringa nederst i magen. Jordmora ringte og eg forklarte at eg kjende murring nett så vidt nede i magen. Klokka var då 00:03. Ho seier me kan ringa ho oppatt når det tek seg opp, det kan lett ta litt tid før ting kjem skikkeleg igang etter vannavgang.

Eg tek på meg eit "bestemorbind" og me tenkjer me får gå ned og gjera ting klart i stova. Me har ikkje komt oss ut av badet før eg kjenner sterke rier, så me ringer jordmor oppatt klokka 00:09. Eg klarer ikkje snakka med ho, så det må gubben ta seg av. Eg stønnar over vasken og ventar på at det skal gå over. Jordmor skjønar det er best ho ringer taxi då eg er i den forfatning at eg ikkje klarere å snakka.

Me bestemmer oss for å gå ned, gubben svirrar rundt. Eg må stoppa i trappa på veg ned pga ei rie, men kjem meg då endeleg ned. Set meg i ein stol og pustar som ein gal då rie etter rie kjem som kasta på meg. Klarer på eitt eller anna vis å flytta orkideane mine frå vinduskarmen, og tenkjer at gubben får dra ned persiennene, for det orkar eg ikkje. Må berre setta meg og ta imot enno fleire rier.

Eg kjenner etterkvart at eg må ein tur på toalettet, spør gubben forsiktig om han trur det går greit om eg bæsjar litt no. Han seier at det går heilt sikkert bra. Han svirrar rundt med pressening og kladdar og gymball og treningsmatte, tenner stearinljos og finn fram cd med musikk.
Eg går på do, og ser då at det er litt blod i bindet. Ringer fort jordmor for å høyra om det er normalt. Klokka er då 00:25. Ho seier roleg at det er heilt normalt, før eg må gje telefonen vekk for å ta imot ei rie til. Kva ho og gubben snakkar om anar eg ikkje, eg berre ser på meg sjølv i speglen og tenkjer "kva i helvete er det du har balt deg opp i?". Kvar rie var superintens.

Eg går inn, set meg i stolen, tek imot to tette rier der eg kjenner trykketrang. Tenkjer det heile er inbilling, då det ikkje har gått så lang tid enno, men når neste rie kjem hiv eg meg ned i kneståande attåt sofaen, gaular at NO KJEM HAN - EG MÅ TRYKKA!, får av underbuksa i ein fart og lar kroppen ta over. To-tre press og ute var han!
Far står bak og tar imot sonen sin! Meir fantastisk jordfar skal ein leita lenge etter!

Eg får snudd meg rundt, og verdas nydlegaste gut får koma opp på brystet ( eg vrenger av meg singletten på veg rundt).
Den nybakte far ringer jordmor, som er like forbausa som oss, og fortel at guten vart fødd klokka 00:39. Jordmor har nettopp heve seg i taxi og er på veg.
Stolt far pakkar oss begge inn i handdukar, og saman sit eg og godguten i sofakroken (på golvet) og ventar på jordmor som dukkar opp nesten ein time seinare. Ho ordnar med navlestreng og morkaka, og syr to små pyntesting på ho mor. Betre kan det ikkje gjerast, og no nyt me late dagar med babykos, amming (som går som ein draum, ikkje sår, ikkje sugeproblemer eller nokonting! Lykke!), babylydar, og eg er uforskamma pigg! Rakk jo ikkje verta sliten i det heile på 39 minutt!
Og enno ein flott ting: nesten ingenting blod etter tredje dagen med renselse. Skulle jo nesten tru det var på slutten av ein menstrasjon. Lukke!!!

No er me godt igang med planlegging av neste heimefødsel! Haha ;)

Takk og pris for at me hadde planlagd dette, elles hadde guten komt på veg ut i bilen...

Storesøster går her og er superstolt, far er full i amore og fridde same dag som lillebror kom til verda, og konemor to be er i topp form sjølv om ho DollyParton har inntatt brystpartiet :)

Alt i alt heilt fantastisk surrealistisk!
Me sit av og til og tenkjer "kva skjedde???" fordi det var så inntenst og kjapt. Eg er nesten i sjokktilstand enno, og leitar etter babymagen som så brått vart vekke ;)

Stor klem frå meg!

kamp
30-07-11, 13:58
Gratulere! :)

Lindemor
30-07-11, 14:08
Gratulerer så mye med den lille! Tusen takk for at du delte din opplevelse. :rørt:

Señora
30-07-11, 14:11
Gratulerer :-)

Lava
30-07-11, 14:36
WOW!!! gratulere så mye! :heia:

Kitt
30-07-11, 14:55
Fantastisk!:roert:

Gratulerer så masse!:love:

ThereseA
30-07-11, 14:57
Gratulere så mye, andremann kan være litt av en luring :)

Licota
30-07-11, 15:57
Mange gratulasjoner! :)

Cindrella
30-07-11, 16:46
<3 Gratulerer her å :=)

Kanutten
30-07-11, 17:53
:love: Grattis! :heia:

evawer
30-07-11, 18:18
Hurra :D !

streber
30-07-11, 18:39
Hadde man bare hatt en slik fødsel, så fantastisk for deg! Takk for at du delte!Gratulerer!!!:)

Karissima
30-07-11, 19:19
Gratulerer så masse :heia:

Noenkiloformye
30-07-11, 19:20
Awwwww <3 Høres helt fantastisk ut. Gratulerer så mye :)

Wonder woman
30-07-11, 22:30
Gratulerer:)

LibraGirl
31-07-11, 02:46
Så hærlig :D
Gratulerer så masse :)

postlene
31-07-11, 07:26
Ååå, gåsehud! Gratulerer så masse!

Idamor
01-08-11, 11:29
Gratulerer så mye! Hørtes ut som en fantastisk fødsel! :)

Imp
01-08-11, 23:45
Gratulerer og takk for at du delte en flott fødselshistorie! Jeg satt og lo mens jeg leste, var tydelig en fin opplevelse for dere. Og herlig å lese at dere koser dere. Og grattis med forlovelsen, så flott!

Lykke til videre :)

jegerjenta
01-08-11, 23:58
Gratulerer. Ja du var virkelig en av de heldige. Ikke særlig ofte det gåt då fort. og ds kommer de ofte i ambulansern på yur inn på sykehuset.

Eller, som jeg har opplevd et par ganger ; babyen er født når ambulanse og jordmor kommer:eek:

Lykke til

Nannah
02-08-11, 07:08
Så nydelig :roert:

Konkelimonke
03-08-11, 09:41
Tusen takk for koselege tilbakemeldingar!
No har me nettopp overlevd eit såkalla "aukedøgn", og poden er ei veka gamal allereie, så då klarer me det meste ;)

Me kosar oss i alle fall, og han er sjølvsagt den nydlegaste guten på jordas overflate :D

Fin dag til deko alle saman!

Klara
03-08-11, 09:51
Gratulerer så mye :roert: Herlig historie!

TrillTrall
03-08-11, 10:13
Gratulerer så mye! Nydelig fødselshistorie! :) :blomster:

Camomilla
03-08-11, 11:56
Fantastisk fødselshistorie! Tusen takk for at du delte, og gratulerer så mye med babyen :love:

Olive Oil
05-08-11, 03:21
Det var jaggu fort gjort, ja.:) Gratulerer masse med babyen, og takk for fin fortelling.:)

Zillah
05-08-11, 07:27
Så vidunderleg fantastisk, Kokkelimonke :klem:
Gratulerer så mykje med slik ein så utruleg fin fødsel, og med babyen og lykke til vidare med familien :hearts:.

Phobia
05-08-11, 08:51
Snufs.....Gratulerer så masse :-)))

Konkelimonke
05-08-11, 20:37
Åååå, de er no koselege er de - jenter :D
Me kosar oss, utruleg at han er 10 dagar allereie... *sukk*... Tida flyg...allereie!

Tufso86
10-08-11, 09:17
For en fantastisk fødselshistorie!! Du skriver så levende. Gratulerer så mye med lillebror, du har gjort en kjempejobb!

Fredrikke07
11-08-11, 13:05
GRATULERER!! Flott historie:roert::hearts:!

sirimor
11-08-11, 15:34
Såå fantastisk! Gratulerer:)

L@dy jojo
19-12-11, 15:27
Wow for en fødsel!!! :eek: :).

Gratulerer så mye!! Gleder meg til å følge deg videre.