![]() |
Sv: Trilles glade lavkarboliv
-500 g denne veka. Og endelig så har eg plassert under den magiske grensa.
Denne veka har egentlig gått veldig greit. Elskar havregraut til frokost. Brukar 1 dl havregryn og blandar med rikelig cc og ett egg. Toppar med kanel, blåbær og litt frø og nøtter. Kjempegodt:D Neste veke blir nok litt verre. Då er det påske og me får besøk. Har tenkt å prøva å laga marsispan. Ellers så blir mørk sjokolade og nøtter redninga når påskesnopet skal etast. Målet for påsken er dessuten å halda fram med trilletur og innestyrketreninga sjølv om det er ferie. |
Sv: Trilles glade lavkarboliv
|
Sv: Trilles glade lavkarboliv
Gratulerer, og heia deg! :heia:
|
Sv: Trilles glade lavkarboliv
Huff.. Det blei mykje glede og lite lavkarbo i påsken... Tar nokre litt strenge lavkarbodagar før eg går på vekta igjen og håpar at eg ikkje må hengja med alt eg åt så veldig lenge.
Men, det positive er at me var ute og gjekk tur kvar dag, så satsar på at om nokre dagar så er påskekosen ute av kroppen. :D Det er litt kjedelig med alt snøen som er komen. Trilletur er litt keisamt når det er så mykje snø, men me må no koma oss ut i dag også. Mål for veka:
|
Sv: Trilles glade lavkarboliv
Sitat:
|
Sv: Trilles glade lavkarboliv
Eg måtte gå på vekta. + 2 kg:( At det går an... Men det var jo ein fin påskeferie, så takk for støttende ord, Paprika.
Og no er eg også søtsjuk igjen. Kjedelig... Det gode er at eg veit kva som fungerar, men duverden så lett det er å havna på karbokjøret... Har ikkje vore tur i dag, men skal ta styrketreninga grundigt i kveld. |
Sv: Trilles glade lavkarboliv
Endelig tilbake på minussida etter påske!! - 300 g fra siste vegedag før påske.
Det blitt litt mindre innetrening og litt færre trilleturar enn planlagt. Neste veke skal bli bedre. |
Sv: Trilles glade lavkarboliv
Innom og hilser jeg. Vurderer å kjøre Fedon selv. tenkte jeg skulle prøve ketolyse litt til bare.
God helg |
Sv: Trilles glade lavkarboliv
Ingen nedgang denne veka. Skal reise bort i helga, så det blir vel ikkje heilt lavkarbo, men det får gå så det går... Det kan uansett ikkje gå verre enn i påsken, og (u)heldigivis så er jo helga egentlig berre to dagar. Gjekk forresten halvannan mil her ein dag... Ikkje verst... Har ikkje målt meg på lenge, og fann ikkje målbandet når eg no skulle sjekke måla. Det har definitivt skjedd noko med antall cm. God helg alla lavkarboar:o |
Sv: Trilles glade lavkarboliv
Ønsker deg en fin fredag videre - og god helg til deg også!
:klem: |
Sv: Trilles glade lavkarboliv
Uff det går litt tregt for tida...
Pluttselig har eg ikkje det minste lyst på lavkarbomat, men derimot sjokolade, ferskt brød, muffins osv osv... Kjedelig... Kva skal eg gjera for å finne tilbake til den gode lavkarbolivet? Har tatt nokre dagar og ete vanlig brød, litt pasta og slikt, men problemet når eg eter litt raske karbohydrater er at eg berre får lyst på meir... Hm, har ete som eg skal i dag. I tillegg har eg gått tur i over 2 timer... Satsar på at morgondagen blir bedre:) |
Sv: Trilles glade lavkarboliv
Hm...
Det har gått litt betre... Har ikkje gått ned noko, men er tilbake på lavkarbo-light... Det blir ganske mykje reising i mai (bla ferie i 2 veker i syden + ei veke heime hos mamma) og eg har ikkje motivasjon til å fylgja så streng lavkarbo i perioden. Har som mål å ikkje leggja på meg... |
Sv: Trilles glade lavkarboliv
Uff... Kvifor slurvar eg og går over til høgkarbo når eg veit kva som skjer.... Kiloane berre rasar på i takt med aukande karboinnhold... At eg aldri lærer. Halvannan månad med ferie, diverse besøk etc har satt sine spor. Men, nå er eg tilbake på lavkarbo. Problemet er at når eg er inne i ein "god" periode, så skjønar eg ikkje kvifor det er noko problem å eta lavkarbo. Men, så pluttselig så er det som karbotrollet tar meg og lokkar meg utpå... Og så våknar eg etter ei tid (seks veker og + 5 kg!! denne gangen!), og då er det så vanskelig å ta seg inn att. Men, no er eg på gli igjen, og har fått bort 2 av kg på dei første dagane, så noko av det var vel berre vatn også. Kjenner forresten at kroppen har godt av lavkarbo. Har meir ubehag i magen + vatn i kroppen når eg er på karbokjøret... Så derfor... karbotrollet vik frå meg
|
Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 07:45. |
Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2025, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Foreldreportalen.no | Selvrealisering.no
© 2004-2015, Lavkarbo.no