Lavkarbo.no :: Karbojunkie

Lavkarbo.no :: Karbojunkie (http://forum.lavkarbo.no/index.php)
-   Bakst (http://forum.lavkarbo.no/forumdisplay.php?f=124)
-   -   Flate ostebrød à la Furine (http://forum.lavkarbo.no/showthread.php?t=46233)

Furine 19-07-11 20:36

Flate ostebrød à la Furine
 
I går heiv eg saman ei blanding i bakebollen som enda opp med å verte ganske gode knekkebrødaktige saker. Det liknar moglegvis på andre oppskrifter, men det var altså noko eg berre tok på feelingen der og då, og resultatet vart bra.

Har prøvd å gjere det same i dag, men då måle opp omtrent kva eg har brukt av ingrediensar:

1 egg
Litt salt
1 dl fløte (kan nok byttast ut med Philadelphia eller liknande, eg hadde fløte i hus)
1 dl vatn
50 g malte mandlar
20 g knuste linfrø
20 g solsikkefrø
25 g sesamfrø
110 g riven ost (eg brukte mozzarella)
2 ss fiberhusk
1 ts bakepulver
2 ss rapsolje

Bland saman til ei ganske tjukk røre, nesten som ei klissete deig. Ha direkte over på ei bakeplate kledd med bakepapir, legg over litt plastfolie, og trykk utover med hendene, til du har dekt steikeplata, og tjukkelsen er omtrent lik utover. Del opp i ruter (så det er lettare å knekke i mindre bitar etterpå).

Eg steikte mine i går på 160 grader, til dei var gyldne, kan ikkje seie eksakt kor lenge. Dei blir sprø i kantane mykje fortare enn i midten, så det kan vere du må steike midten meir. Eg snudde heile plata etter ei stund, så dei vart betre steikte på undersida også. No står ei ny runde i omnen, og eg snudde dei etter ca eit kvarter. Dei steikte då vidare kanskje 10 minutt. Hjørna er sprø, men ikkje midten. Så no står dei på varmluft, 100 grader ei stund, så dei får tørke opp i midten. Dei funkar å ete mjuke også, men blir ekstra gode når dei er sprø.

Dei i går vart kanskje litt feittete å ta i, men smakte veldig godt. Blir spennande å sjå dagens resultat! :)

Dane 22-07-11 11:42

Sv: Flate ostebrød à la Furine
 
Denne skal prøves! Er nå lagret :)


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 15:57.

Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2024, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Foreldreportalen.no | Selvrealisering.no
© 2004-2015, Lavkarbo.no