Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Ja, då var det på tide å laga ein ny tråd for meg sjølv her. Skulle vel strengt tatt ha laga meg ein journal eller ein blogg eller eittelleranna, men eg er ikkje så dreven med dette her, så det er lettast for meg å laga ein tråd rett og slett :)
No går eg inn i min tredje dag på lavkarbo som ammande. Eg var slakk i tøylen dei siste dagane som gravid og dei fyrste dagane på ammings, og fann ut at 1.august passa meg ypparleg å ta tak i ting att. Så på måndag var det full fres - og det beste av alt er at eg har fått gubben med meg :) Han er superflink! Eg har baka både brød og knekkebrød - det er jo så enkelt! Så i tillegg til "vanleg lavkarbo a la ketolysestil" et eg litt frukt og yoghurt for å få karboinntaket litt opp pga amminga. Kjenner kroppen krev litt meir enn berre proteiner og feitt. Så langt har det gått bra, magen er i godhumør att og kroppen spelar på lag med meg :) OG tarmsystemet er oppe å gå att etter all for treg passasje då poden tok all plassen inni magen! No er gullguten ei veke alt, eg har gått gjennom berg og dalbane kjenslemessig (har hatt nokre rundar med barseltårer kan du sei!), me har overlevd eit såkalla "ammedøgn" (guuud kor slitsomt både psykisk og for niplane mine...akk...) og poden bæsjar på DO!!! Fantastisk! Så då klarer me det meste! :) No er det frukost som står for tur. Gubben køyrer jentungen i barnehagen medan eg ammar og står i. Han er GULL verd han mannen min *kjærleik* Før eg avslutter skriv eg opp gårsdagens meny: Fruksot: eit knekkebrød med smør og ost, ei skive med smør, servelat, majones, agurk. Lunch: då sov eg....... Middag: wok steikt i olje og smør, svinekjøt, litt soyasaus. Kvelds: Eit knekkebrød med smør og ost, litt skyr med fløyte på. Frukt: ei halv banan, eit halvt eple, nokre druer. Eg veit eg åt litt lite i går, men det kjem av at eg sov vekk heile lunchen. Eg og poden sov i tre timar... :) Må jo nytta sjansane! Dagens kjem i kveld eller i morgon! Flott dag til alle saman! :) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Må berre få med nokre vekter her :)
Før graviditet: 67kg Før fødsel: 88kg, opp 21kg Startvekt lavkarbo 1.august 2011: 80kg |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Hei på deg, Konkelimonke! :)
Bare lurte på hvor mange karber om dagen du ligger på nå som du ammer ca? Håper alt står bra til :-D |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
Hmm... det er vanskeleg å sei sia eg ikkje reknar på det, men tek det litt på gefühlen... men eg reknar nok med at eg ikkje bikkar 100karbisar om dagen, og stort sett ligg eg vel kring 50 tenkjer eg. Kjem litt an på kva eg et av frukt på ein dag for det er jo stort sett frukta eg et som dreg talet opp. Så i tillegg til "vanleg ketolysemat" peisar eg på med ein yoplaityoghurt om dagen og evt litt frukt (eit halvt eple eller ei halv banan) om me har det liggande... Spanande tider du går i møte då, ikkje lenge att no :) Eg er innom bloggen din av og til ;) Eg som gav deg tips om å kjøpa brukt vogn vettu! Hehe! (er ei stund sia no då) Håpar du har det bra du òg! Klemmar frå Konkelimonke! |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Eg lova jo ei update for leeeenge sia (onsdag?), men eg har igrunnen vore opptatt! Hehe! Eg er jo eit levande meieri og gutetassen syns det er veldig stas å okkupera fanget mitt for å få mat/puppekos...!
Anyway, på lavkarbofronten går det veldig bra! Det vil sei, for gubben sin del må han læra seg å styra seg. Han et litt store porsjonar til frukost og kvelds, mest av alt pga at han er så glad i knekkebrødet eg lagar. MEN det er betrakteleg betre med 3-4- lavkarboknekkisar enn 4 skiver! Med meg går det òg bra, eg held meg til opplegget og kjenner meg mykje lettare i kroppen :) Vekta er no nede på 77kg, det vil sei 3 kg vekke denne veka, 11kg av gravidvekta vekke :) No har eg 10kg att før eg er der eg var :) Det vil sei 17kg til saman, men foreløbig konsentrerer eg meg om å koma meg ned der eg var før eg vart gravid :) Elles brukar eg dagane på research, eg har nemlig - med støtte av gubben OM me får økonomien til å gå rundt!!! - bestemt meg for at innan 10år skal eg vera sjukepleiar og forhåpentlegvis jordmor! :):) SPANANDE! Eg satsar på deltid sjukepleiarutdanning slik at eg kan ha jobb i tillegg. Då vert det 4 år sjukepleiar, deretter minimum 1 år i arbeid, for deretter å forhåpentlegvis koma inn på jordmorutdanning 2 år...! ÅH, kor eg gler meg! Dette er framleis i babyfasen (rett og slett!), så eg må leita og tenkja og finna ut av mykje før eg sleng meg på for å sei det slik :) Eg har jo allereie ein bachelor som eg vart ferdig med i fjor, så dette steget eg evt skal ta ut i ny utdanning må nøye vurderast (sjølv om eg meir enn ein gong har tenkt at eg har vald feil dei siste åra på skule!). Håpar de har det bra alle saman! Skal legga inn dagsmeny for i går og i dag etter dette! |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Laurdag:
Frukost: Eit knekk med pålegg, ei skive med pålegg (knekk og skive - lavkarbo sjølvsagt), ein halv youplaityoghurt. Lunch: Eit knekk med pålegg, resten av yoghurten. Middag: Lavkarbopizza 2stk, litt salat med dressing på. Snæk: Litt cashewnøtter, ein liten bit 70%sjokolade med appelsinsmak. Sundag: Frukost: To knekk med pålegg. Lunch: ein youplaityoghurt. Middag: Fiskesuppe mor mi laga då ho var på besøk :) Kvelds....??? Veit ikkje enno, mogleg eg et eit pizzastk... eller tek eit knekk... :) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Du verden, du bare raser ned du, flink du er:D!Mine kilo satt limt fast etter graviditetene:oLykke til med utdanningsplanene!
|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
OG eg reknar med at eg treff på nokre seige kilo etterkvart eg òg, kjenner eg kroppen min rett....... :S Ja, utdanningsplanane mine er utruleg spanande! Lurer berre på korleis eg skal få det til ;) Vert spanande å sjå i alle fall :) Ha ein superfin dag! |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Kvelds i går: Eit knekk, to små bitar sjokolade 70%, ein halv skyr med litt fløyte, cashewnøtter...
Ja, eg var skikkelig fysen i går kveld, visste liksom ikkje kva godt eg kunne kneppa innpå med! Akk.... Uansett, godt eg ikkje havna på "kjøret"! Hehe! No laurdag som kjem kjem eg og gubben til å unna oss litt schlækk, då skal me i bryllaup heile familyen, og då orkar eg rett og slett ikkje stressa med å plukka i maten rett og slett ;) Elles er det fyrste dag "aleina" heima for meg og poden. Gubben starta på jobb att i dag. Er litt rart, men òg litt godt at starten på kvardag er i gang... Ja, eg er litt glad i kvardagen med sine rutinar eg :D Eg kjem med meny seinare! OG om det er nokon som har komentarar på kva eg et kvar dag - be free to comment!!! Eg tek imot ris og ros! Kan godt henda eg tenkjer HEILT feil i forhold til kva eg burde eta no når eg fullammar :) ha ein flott dag så lenge! :) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Gårsdagens meny:
Frukost: to små knekk med pålegg (eg har laga knekkisane litt mindre denne runden...). Lunch: eit lite knekk med pålegg, eit glas (ca ein dl) cultura mango. Middag: eit og eit halv restepizzastk og salat, ei halv skål restefiskesuppe. Kvelds: to små knekk med pålegg, eit glas (ca ein dl) cultura mango. No skal det seiast at eg bruker MASSE smør på knekkebrøda og skivene eg et, og eg er ikkje sparsamleg med pålegget :) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Dagens update:)
Ja, eg har synda... Eg sleika slikkepotten fri for glasur då eg laga sjokoladekaka til jentungen som skal ha selskap i morgon... Fysj! Men ÅH så godt! Haha! OG kvalmande... Så det vert ikkje mykje meir greier på meg i dag nei! Ha så langt i dag knept i meg: Frukost: tre små knekk med pålegg. Lunch: ein yoplait, og ein slikkepott med glasur!!! Haha!, eit lite knekk med oooost... Elles i dag vert det omelett og salat til middag. Trur nok den glasuren gjer at eg ikkje et så mykje til kvelds.... Hihi! Evt eit knekk med ost :) Kan skryta av at vekta i dag viste 76,1kg! It's going DOWN yeah!!! :D Ha ein flott dag alle saman :) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
Deg må jeg følge, har nesten identiske tall som deg, 68 før graviditet, 86 før fødsel og 80 etter. Nå er jeg vel på 78 7 uker etter at minsten er født. Lavkarbo er helt nytt for meg og foreløpig leser jeg og har formell start 1/9. Jeg er ikke av dem kiloene renner av på ved amming, og sist kjørte jeg GR på egenhånd. Det som slår meg når jeg leser dagsplanene dine er at jeg synes det ser ut som du spiser veldig lite. Blir du virkelig mett på dette her? Amming gir meg okshunger... Legger du inn på diett.no eller tilsvarende og vet hva du ligger på i kcal i tillegg? Sorry, jeg er vant med å tenke kcal fra sist runde. :) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Klarer du deg på så lite mat når du ammer? Jeg er syns jeg er sulten hele tida, og spiser som en hest. :o. Men lillegutt går opp ca 300g i uka, så han tar vel alt jeg har av energi :rolleyes:
Og ikke har jeg kommet meg inn på lavkarbo igjen heller, selv om jeg har vært hjemme i seks uker. |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Gratulerer med gullunge og godt i gang med lavkarbo!
Mulig jeg ikke har lest nøye nok, men spiser du lite grønnsaker? Jeg tenker i forhold til at du ikke spiser så veldig mye fett heller - så kan det være greit og pøse på litt med grønnsaker - mye god næring til deg og babyen :) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
Eg er heller ikkje av det kaliber som er velsigna med ein kropp som slepp kiloane ved amming, førre gong gjekk eg OPP av amminga... Det vil eg ikkje denne gongen! Jo, det er mogleg eg et lite, men eg er ikkje så svolten - eg et når eg er svolten igrunn og hiv innpå med vatn! Har aldri drukke så mykje vatn som eg gjer no i alle fall! Eg legg ikkje inn maten min på diett.no nei... Men kanskje eg burde det? Eg er ikkje så opptatt av kcal, det er ikkje poenget på lavkarbo. Det eg er opptatt av er karbisar eg får i meg i løpet av ein dag... Men eg har igrunnen ikkje peiling på kor i landet eg ligg når det gjeld det heller for tida.... Eg har likosom litt andre ting å gjera på no kjenner eg, kanskje når kvardagen er meir innarbeidd att :) Lukke til i alle fall, gler meg til å følga deg òg ;) Heijhå! |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
No er eg på andre veka med lavkarbo, og føler meg veldig bra igrunn! Så det er berre til å hiva seg rundt, du veit jo korleis det gjerast snupi ;) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
Og middagane består hovudsakleg av gr.saker (wok, div gr.saker i pizzasausen i tillegg til kjøtdeigen, gulrot o.l. i fiskesupen...), og me er glad i salat. Veit liksom ikkje kor eg skal spøta på meir gr.saker? Kom gjerne med tips :) er jo litt tilbakehalden med løk og kål for tida - tek ingen sjansar... Og eg veit ikkje korleis blomkål er i forhold til dette med luft i magen? Takk for at du stikk innom - koseleg med besøk i tråden min :D |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Hei:) Så flink du er som begynner så kjapt etter fødselen med en så stor motivasjon:)
Jeg har en sønn på 6mnd og ammer enda, men jeg er redd for at han/vi ikke får i seg det han/vi trenger når jeg er på lavkarbo.. Tar du noe vitamintilskudd eller noe i tillegg? |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
Sitat:
Samtidig kan man ikke ende opp med å bare spise knekkebrød gulost heller. |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Ingen av barna mine har fått noe problemer med luft i magen når jeg har spist blomkål. Ikke etter brokkoli, løk eller noe som helst annet, heller. Jeg hadde ikke latt være å spise noe sunt og næringsrikt i tilfelle barnet skulle kunne reagere, det er mange som tåler alt dette helt fint.
Jeg spiser også lavkarbo mens jeg ammer, begynte under graviditeten, og det fungerer helt supert. Barnet har hatt fin vekstkurve hele veien, og er frisk og sunn (samt vill og energisk, med god konsentrasjonsevne og godt humør). Kan ikke forestille meg at høykarbo skulle ha vært noe bedre på noen som helst måte. |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Jeg har funnet ut at kullsyre er ille for lillemann, men tror andre ting går bra. Har holdt meg unna løk, men kommer til å spise det etterhvert.
|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Gratulerer så mye med fortsatt fin nedgang!:) Husker jeg spiste ting jeg likte , men fulgte med på barna om de fikk luftproblemer/plager av det. Da minsta ble født begynte jeg å få skikkelig lyst på rosenkål og kålrabistapp mens jeg lå på sykehuset he he, sistnevnte hadde jeg aldri før likt, det var jul, så jeg fikk det heldigvis servert på julaften da vi kom hjem. Fantastisk godt var det og jentungen hadde det supert:)Man trenger jo ikke hive innpå med de her kjente "luftfremkallendetingene", men prøve seg frem.
|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Min har luftsmerter uansett, så vanskelig å vite hva som forverrer det. Men et par ting har jeg hvertfall funnet. Men fennikel-te funker. :ja:
|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
Nei, eg tek ikkje noko vitamintilskot i tillegg... men vurderer å starta oppatt med både tran og sanasol (hadde det som vane saman med jentungen, at me tok begge delar etter middag...), slik at eg iallefal får tranen :) Og gutungen skal få litt tran etterkvart. Og eg trur det er slik som carisma svarer, at næringsstoffa går fyrst over i morsmjølka, for så å gje restane til mor ;) Eg er ikkje redd for at poden ikkje skal få det han treng i alle fall, han verkar no nøgd så langt! (sjølv om han er på auking nr 2 på 13 dagar...!) Så, det er berre til å hoppa over på lavkarbo om du føler deg vel med det! Kanskje noko a la Fedon? |
Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 04:31. |
Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2024, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Foreldreportalen.no | Selvrealisering.no
© 2004-2015, Lavkarbo.no