Lavkarbo.no :: Karbojunkie

Lavkarbo.no :: Karbojunkie (http://forum.lavkarbo.no/index.php)
-   Festmat (http://forum.lavkarbo.no/forumdisplay.php?f=123)
-   -   Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær! (http://forum.lavkarbo.no/showthread.php?t=41849)

Kokken Tor 14-03-11 18:29

Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær!
 
Ja, eg innrømmer det så gjerne:
Her på nyåret, med julekiloane på topp, og samvitet på botn, gjekk eg rett på limpinnen! Eg kjøpte ei bøtte (nei, ikkje ein snerten liten pose, men ei BØTTE!) med slankepulver frå Camp Kilo (sinnsjuk i gjerningsøyelikket ville dei sagt i norske rettssalar...!)

Fann fort ut at veker og måneder i pulverhelvete ville få meg til å gå ut av mitt gode skinn, så BØTTA vart parkert i ei krå på kjøkkenet som ei evig påminning, til skam og ettertanke! Ho er nesten full, og som sunnmøring er det ikkje berre-berre å kaste noko som kosta så skamlaust mykje!

I dag kom ho likevel til sin rett i ein snerten liten kreasjon meint til servering etter middag: Jordbærfromasj!

Ingredienser:
50g Camp Kilo m/jordbærsmak (rista ut i 3 dl vatn).
60g TechNutrition - proteintilskot m/jordbærsmak (rista ut i 4 dl vatn).
7 ts Gelatinpulver rørt ut i 8-9 ss vatn.
Varm opp dei to jordbærblandingane i ei panne til den nærmar seg kokepunktet. Rør inn gelatinen og sett til rask avkjøling.

Etter nokre timar; Voila! ...ei bloddopa proteinbombe av ein jordbærdessert! :D

Berre så det er sagt; dette er ikkje "my finest hour" innen kokekunsten, men eit innfall som berre måtte prøvast! Gode desserter veks ikkje på tre heller... I alle fall ikkje i vår krets. Skal teste denne ut i morgon med heimelaga lavkarbo vaniljesaus.

Kjem attende med nyheitsoppdateringar og ekstrasendingar om det skulle inntreffe noko dramatisk! :D

Stay tuned!

Kokken Tor 14-03-11 19:54

OPPDATERING 1: Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær!
 
Eksperimentet er no inne i ei kritisk fase; vil den stivne? :confused:

Ein tur innom kjøleskapet ga bekreftande svar på spørsmålet, men konsistensmessig liknar nok dette mest på gele (skjelvegraut...). Ser for meg eit framtidig forsøk med litt fløte eller H-melk for å få den meir rund og fyldig.

Engledans 14-03-11 20:15

Sv: Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær!
 
Oj, spennende. Ble den god?

Kokken Tor 14-03-11 20:36

Sv: Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær!
 
Sitat:

Opprinnelig lagt inn av Engledans (Innlegg 1056412)
Oj, spennende. Ble den god?

Joda, første prøvesmak tilseier at dette ikkje går rett i bosset. Trur ikkje nokon som var heilt uvitande kunne tippa kva blandinga besto av.

Kjøpte nettopp inn ingrediensane til vaniljesausen. Trur det vil bli eit kurant sluttprodukt når sausen er på plass, og ein kanskje får spedd litt melk/fløte i sjølve fromasjen. :)

Echo 15-03-11 08:18

Sv: Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær!
 
Smaker det virkelig jordbær? Og har har du regnet på karbohydratene? Spennende med nye bruksområder på saker og ting:D

Kokken Tor 15-03-11 08:25

Sv: Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær!
 
Sitat:

Opprinnelig lagt inn av Echo (Innlegg 1056702)
Smaker det virkelig jordbær? Og har har du regnet på karbohydratene? Spennende med nye bruksområder på saker og ting:D

Jada, det smaker jordbær. Mi erfaring med proteinpulver (sjokolade) er at det smaker hoggorm! Då eg smakte jordbærvarianten som til ei forandring var drikkande, vart eg inspirert...! :D

Det blir ca 12-13g fruktose på heile dessertskåla. Denne vil sikkert holde til 7-8 porsjoner. Proteininnholdet er til gjengjeld skyhøgt! :visemuskl Skal finberegne heile skåla med omsyn til eksakt næringsinnhald i løpet av dagen.

Dersom ein kun bruker TechNutrition proteinpulver så er ikkje karbohydratane noko problem i alle fall...! :D

Echo 15-03-11 08:37

Sv: Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær!
 
Hvor er det du kjøper de "greiene" hen egentlig? Er det på helsekost?

Engledans 15-03-11 12:36

Sv: Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær!
 
Spennende. Kansje det skulle prøves. Men jeg kjøper ikke "ei heil bøtte" :D

Kokken Tor 15-03-11 13:00

Sv: Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær!
 
Sitat:

Opprinnelig lagt inn av Engledans (Innlegg 1056981)
Spennende. Kansje det skulle prøves. Men jeg kjøper ikke "ei heil bøtte" :D

Nei, det vi eg på det sterkaste fraråde! :D
(Det kosta ein formue...!)

Ikkje umogleg at ein kan lage denne av proteinpulver aleine (litt meir tilgjengeleg på lokale helsekostforretningar vil eg tru), kanskje med eit moderat innslag av friske/frosne jordbær. Får vurdere dette nesten gong eg prøver.

Har til gode å smake gode proteintilskudd med sjokoladesmak - trur derfor eg avventar med sjokoladepuddingen...!:blinke:

Kokken Tor 15-03-11 19:56

Sv: Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær!
 
Då er jordbærpuddingen/-gelèen/-fromasjen testa ut med heimelaga vaniljesaus, som vart laga av:
  • 4 store eggeplommar
  • 6 dl. kaffefløte (Varma opp til kokepunktet med vanilje og splendaen)
  • 1/2 vaniljestang
  • 0,5 - 1 dl. Splenda
Sluttresultatet var heilt klart spiselig, men fromasjen var ikkje spesielt smakssterk. Dette synest eg forsåvidt er tilfelle med fleire typer kjøpegelè, men her kan ein sikkert gjere noko med blandingsforholdet, eller spe på med litt jordbær (Frosne jordbær som får tine gjev frå seg mykje saft som sikkert kunne bidratt positivt uten at karboinnhaldet per posjon går i taket)

Kan ellers melde om at fromasjen var MEGET mettande! :geip:

klompenmio 15-03-11 20:59

Sv: Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær!
 
Så morsomt du skriver Kokken!

Ønsker deg all hell og lykke med proteindessertene dine ;o)


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 16:55.

Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2024, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Foreldreportalen.no | Selvrealisering.no
© 2004-2015, Lavkarbo.no