Lavkarbo.no :: Karbojunkie

Lavkarbo.no :: Karbojunkie (http://forum.lavkarbo.no/index.php)
-   Lavkarbokosthold for prøvere, gravide og ammende (http://forum.lavkarbo.no/forumdisplay.php?f=136)
-   -   Mitt liv som gravid på lavkarbo (http://forum.lavkarbo.no/showthread.php?t=39633)

Konkelimonke 17-01-11 19:16

Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Hei alle som stikk innom!

For å få fokuset vekk frå sjokomjølk, skive med brunost og kakao, tenkte eg at det er på tide ta tak i tinga att - for ikkje å risikera legga på meg 35kg dette scangerskapet òg... Skrekk og gru...

Eg er no snart 13fullgåtte veker, og har så langt lagt på meg 3kg. Vekta syner no 70kg. Eg trur nok det kjem mest av at eg har ete "normal" mat full i karbisar den siste tida. Mest fordi eg har vore kvalm og det einaste som har hjelpt har vore brød eller anna karbofull mat. Uansett. Eg er no over kneika, og må sjå framover på det neste halve året som gravid.

Så, eg vil legga inn her kva eg et kvar dag, mest av alt for å gje meg sjølv ein oversikt.

I dag:
Frukost- c.c. med kanel og litt stevia, 1/2dl biola.
Lunch- tre Husman knekkebrød med baconost (ein goood klatt på kvart knekkebrød!)
Mellom- to små eplebitar frå barnehageborna sitt fruktfat...
Middag- svinekotelettar med baconfløytesaus, litt blomkål og brokoli.
Kvelds- eit eple...

Og det er det så langt i dag. Eg kjenner allereie kroppen er i omstilling, og eg kjem nok heilt sikkert til å få lyst på resten av sjokomjølka i kjøleskapet seinare... Eh... Det er vel mi "kreiving" denne gongen... Eh...

Eg skal ikkje etq ketolyse eller ketosebasert lavkarbo, men eta med vet og slik eg veit er ok for meg. Gjerne under 100g karb om dagen. Om de har innspelnså kom gjerne med dei!

Klem frå Konkelimonke :-)

Bøtt 17-01-11 20:01

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Hei Konkelimonke:)
Høres ut som en fin plan du har der.Blir jeg gravid noe jeg prøver på ,skal jeg også følge lavkarbo videre men gå ut av ketosen.Skal bli spennede og følge deg og se hvordan dette går ang.vekt og slik:D
Lykke til :)

Konkelimonke 19-01-11 15:08

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Har vore travelt, så har ikkje fått oppdatert her...
Uansett - på måndag vart kveldsen ei banan og litt jordbæryoghurt.

Tysdag:
Frukost- cc med kanel og litt funlight eplesmak, 1/2
dl biola.
Lunch- to knekkebrød med smør, baconost og kvitost... Mmm...
På jobb- to små koppar kakao... Fysjom...hehe!
Middag- laks og wokgrønsaker, med litt smør
Kvelds- ei banan med litt jordbæryoghurt

Var ein ok dag i går, var ikkje særskild fysen på noko usunnheiter. Vekta var kome seg ned i 69,7 òg, så det hjelper på:-)

Så langt i dag:
Frukost- tre ss havregryn og litt biola... Var ikkje så svolten...
Lunch- tre knekkebrød med smør og baconost og litt kvitost.
På jobb- to små konfektsjokoladar... Fyyy... Vqr på pauserommet.... Viljestyrke? Nope!
Mellom- ei banan då eg kom heim frå jobb.

Elles skal eg eta vidare i dag:
Middag- tacosalat. Eg droppar lefsa.
Kanskje litt cc til kvelds?

Så lnagt r det igrunnen veldig bra, men eg er utruøeg trøtt for tida, har lagt meg klokka 2130 dei siste kveldane. Er vel ein kombi av graviditet, lange dagar på jobb, og omstilling for kroppen som er vane med skive og sjokomjølk... Haha!

Håpar de får ein flott dag de som stikk innom:-)

Konkelimonke 19-01-11 15:10

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Takkar for kommentar butten:) koseleg med besøk!

Konkelimonke 20-01-11 20:24

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Dagen i dag har igrunnen gått veldig bra.
Eg åt 5 jordbær med litt yoghurt på til frukost, drakk ein kopp med kakao og åt eitt og eit halvt knekkebrød med pålegg på til lunch, åt ei lita svela saman med borna før eg reiste heim frå jobb.
Då åt eg svinewok med ein dæsj rømme på til middqg.

I kveld har eg ete ei banan og eit knekkebrød. Er skikkelig fysen på noko i kveld... Men eg skal vel klara å halda med unna tenkjer eg.
Går snart og legg meg, er skikkelig trøtt og har allereie fått kynner som er litt småubehaglege... Er nok fordi eg er så trøtt...

Er forresten 13 fullgåtte veker i dag! Jeeeeiiii!:):)

Ha ein fin kveld! No er det senga next på meg!

wahaj 26-01-11 19:53

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Har termin nesten likt vi da, jeg har termin 23.juli :-) Og går også på lavkarbo :)

MAR 28-01-11 01:05

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Hei, og gratulerer så mye med graviditeten!

Gleder meg til å lese etterhvert som du oppdaterer her - jeg er ikke gravid selv, men jeg har faste aspirasjoner om å holde meg til lavkarbokosthold resten av livet. Selvfølgelig er det ikke utenkelig å legge inn en planlagt sprekk/pause her og der, men føler 9 mnd blir i drøyeste laget ;)

Dessuten kan man jo tenke seg hvor mange som sliter i måneder og år med f.eks. å kvitte seg med babyvekten etter at de har født, og så kan man kanskje bli litt ekstra motivert til å holde seg til lavkarbokostholdet også gjennom graviditeten. Så lenge man ikke er i ketose og er flink til å fokusere på sunnhet og næringsstoffer, så mener i alle fall jeg bestemt at det må være den beste måten å gå gjennom graviditeten på! :)

Konkelimonke 30-01-11 11:40

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Tusen takk for komentarar! Det er veldig trivelig!

No må eg berre få sagt at eg ikkje har oppdatert her på ei stund... Held meg framleis sånn nokon lunde til opplegget, og frå i morgon av må eg registrera her inne att det eg et kvar dag.
Eg skal jo ha tid til det sia eg er sjukemeldt to veker (ei veka att) pga mykje kynner... Æsj...

Håpar de får ein finfin sundag vidare, så vil eg be back tomorrow:)

Heihå frå meg:)

Kan jo melda at vekta held seg stabilt på 69,2kg framleis... Ehe... Enn så lenge tenkjer eg me seier! Haha!

Konkelimonke 01-02-11 10:50

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Off... Eg hadde jo den planen om å byrja å registrera maten min her inne att frå i går av, men no er eg skikkelig forkjøla og orkar ikkje vera så lenge på nett...

Kjem sterkare attende når eg er frisk att tenkjer eg:)
Stay tuned;)

Bøtt 01-02-11 10:54

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
God bedring :)

Konkelimonke 07-02-11 19:37

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Hei hå!

Då har eg tatt meg sjølv kraftig saman og skal no registrera kva eg et kvar dag her inne for å få oversikten att... Er 40% sjukemeld pga mykje kynner, så jobbar annakvar dag no framover. Er straks 16 fullgåtte veker:)

I dag:
Litt cc og fløyte med litt fun saft og kanel, eit eple.
To knekkebrød Husman med baconost og ost... (jadå, "smør på flesk") :)
4 minitomater.
Middag (grønsaker, eit egg, skinkegrateng på lavkarbovis).

Thats it i dag. No skal eg snart kosa meg med ein kopp te, indian chai- min favoritt! - og kanskje ei banan.

Syns det så langt i dag har gått veldig bra til tross for karbokick i helga... Eh... Fyyy....:P

Ha ein fin kveld!

I morgon skal eg krypa opp på vekta... Turde ikkje i dag... Haha! Og nei- det er ikkje krise når eg no legg på meg framover, men tingen er å begrensa oppgangen... Førre gong gjekk eg opp 35(!!!!!!)kg og det skal IKKJE skje ein gong til!

MAR 07-02-11 21:52

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Lurer på en sak, jeg, men merk at dette IKKE er noen form for kritikk eller en antydning om at jeg mener du gjør noe galt! Spør av nysgjerrighet, jeg :)

Hvordan går du frem for å være sikker på at du får i deg nok og riktig næring under graviditeten? Er vel sikkert ekstra viktig når man venter smått :)

Kitt 07-02-11 21:58

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Sitat:

Opprinnelig lagt inn av MAR (Innlegg 1023682)
Hvordan går du frem for å være sikker på at du får i deg nok og riktig næring under graviditeten? Er vel sikkert ekstra viktig når man venter smått :)

Du har ikke vært gravid, nei?

De første 12-16 ukene spiser man det man faktisk får i seg. Resten av tiden spiser man så variert man kan/klarer og gjør så godt man kan. Tar alle tilskudd man blir anbefalt og alt som er moderne akkurat da!

Liten leieboer forsyner seg av den den trenger uansett!:D
Er ikke for ingen ting man pleide å si at hvert barn kostet moren en tann!:eek:

MAR 07-02-11 22:06

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Hihi, har nok ikke det nei ;)Takk for svar! :)

bigmum 07-02-11 22:36

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Sitat:

Opprinnelig lagt inn av MAR (Innlegg 1023682)
Lurer på en sak, jeg, men merk at dette IKKE er noen form for kritikk eller en antydning om at jeg mener du gjør noe galt! Spør av nysgjerrighet, jeg :)

Hvordan går du frem for å være sikker på at du får i deg nok og riktig næring under graviditeten? Er vel sikkert ekstra viktig når man venter smått :)

Her kan iallefall JEG svar at lavkarbo er definitivt det sunneste for min del, og for min baby.... Hadde 2 mndr med oppkast og spiste bare sukker, var det eneste jeg hadde lyst på---- De neste månedene spiste jeg bare brød og boller, ingen frukt eller grønnsaker...så at jeg har kommet meg over på lavkarbovogna igjen kan umulig være noe VÆRRE for lillemor i magen akkurat:) Endelig får jeg i meg mye grønt, proteiner og litt frukt igjen!

Carisma 07-02-11 23:14

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Bigmum: Hvordan var blodsukkeret ditt etter de første månedene?

bigmum 08-02-11 08:18

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Sitat:

Opprinnelig lagt inn av Carisma (Innlegg 1023781)
Bigmum: Hvordan var blodsukkeret ditt etter de første månedene?

Jeg har ikke fått blodsukkeret målt, så det vet jeg ikke, men jeg kjente veeeldig godt at det svingte noe VOLDSOMT, fikk skjelvinger og ulvehunger etter 3 timer uten mat, og kastet i meg det nærmeste jeg fant som inneholdt MASSSSE karber :o

Konkelimonke 08-02-11 10:01

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Sitat:

Opprinnelig lagt inn av MAR (Innlegg 1023682)
Lurer på en sak, jeg, men merk at dette IKKE er noen form for kritikk eller en antydning om at jeg mener du gjør noe galt! Spør av nysgjerrighet, jeg :)

Hvordan går du frem for å være sikker på at du får i deg nok og riktig næring under graviditeten? Er vel sikkert ekstra viktig når man venter smått :)

Heisann!
Vel, eg kan rett og slett ikkje vera sikker på at eg får i meg 100% av alle næringsstoffa eg burde og skulle hatt kvar dag, men som bigmum har skrive før meg her, så er eg overbevist om at lavkarbo er det sunnaste alternativet for meg og hulebuaren min:) mest fordi eg et mykje godt feitt, proteiner, varierte grønsaker og salatgreier, og litt karbohydrater i form av litt frukt og knekkebrød. Så, blodsukkeret held seg stabilt, humøret er meir stabilt og heile kroppen er meir stabil. Kjenner det i heile kroppen at den trivast betre på lavkarbo enn på "vanleg" høgkarbo...

I tillegg er eg meir stabil psykisk med tanke på kropp og vekt... For eg er litt ustabil psykisk med tanke på vektoppgang, det skremmer meg mest av alt! Og når eg då eg lavkarbo, som er så bra for heile meg, skremmer det meg ikkje i den grad som om eg et høgkarbo og nærast ser chipsen tek bustad på hoftene;)

Uansett, om eg tek ein vitaminbjørn og kanskje litt omega3 kvar dag, kan det umogleg vera verre enn om eg lever på skive med brunost for å sei det slik:)

Men, dette er jo opp til kvar enkelt å avgjera for sin del. Eg seier ikkje at dette kosthaldet er optimalt for alle, eg veit berre at det er optimalt for meg:)

Konkelimonke 08-02-11 17:26

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Då var middagen fortært og eg er klar for å skriva dagens matfangst inn her.

Eg har ete:
Frukost- to knekkebrød med smør, leverpostei og majones... Nammenam!
Lunsj- eit knekkebrød med smør og graddost, pluss ei banan.
Mellom- ei heimemekka fiskekaka... Måtte jo smaka på middagen;)
Middag- wokgrønsaker, tre fiskekaker, eit egg. Til dessert- tre små jordbær, tre ts soyasjokoladeyoghurtpuddinggreier... Hehe!

Til kvelds vert det vel ein diger koppe chai te med litt fløyte i, og kanskje eit eple, evt eit knekkebrød med LEVERPOSTEI! Det er så gooooodt! Trur eg har dilla på " min første leverpostei"... Inneheld heldigvis berre 4g karb per 100g, men ingenting fornuftig utover dette... Hehe! Men ned går den, på høgkant!

Eg reknqr ikkje på karbisar, men sånn grovt rekna er eg vel rundt/under 100g karbar om dagen.

No foregår det ein maktkamp i huset, mellom meg og jentungen... Arr... Eg vert så irritert! Ho har plutselig bestemt seg for at ho ikkje skal eta opp middagen sin! Ho får akkurat passe mengde på tallerken, slik som vanleg, og ho får ti minutt på seg til å eta opp etter at me voksne er ferdig, elles vert ho sittande aleina ved bordet til ho har ete opp. I går bruka ho nesten 1 1/2 time! Og i dag er det på 'an igjen... Syting, klaging, mokking og akking... Men dette er ein kamp ho ikkje vinn! Eg skal ikkje få ein unge som får viljen sin på dette punktet. Kanskje eg er for streng(?), men eg gjev meg uansett ikkje... Men akk og vesann, eg vert så irritert......... Kor kjem dette ifrå? Ho har alltid ete middagen sin fint! Men no etter at ho kom frå far sin på sundag har ho slått seg totalt vrang...

Ah, det var dagens utblåsning! Skal ikkje vera lett dette her:)
Anyway, håpar de får ein fiffig kveld:)

Heihå frå Konkelimonke:)

Konkelimonke 09-02-11 19:24

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Då var enno ein dag ved vegs ende, og det er på tide å oppdatera litt her...

Frukost- litt cc med fløyte og to ss syltetøy, ei halv banan.
Lunch- tre Husman med baconost og kvitost... Nam!
Middag- tacosalat med litt mais i.
Mellom/kvelds- eit eple og ei appelsin....

Vert vel ikkje meir i magen min i dag, med mindre eg MÅ ha eit knekkebrød seinare? Kveldsen i går vart to knekkebrød med leverpostei og majones pluss eit eple... Eh... Eg måtte jo eta opp boksen med leverpostei elles vert den ekkel..... Mogleg eg klarer å unngå vidare eting i kveld;)
Kjenner eg er litt "luftig" pga tacosalaten... Haha! Kva reagerer eg på? Hmm... Itte vet je...

Håpar de får ein flott onsdagskveld:) halvvegs til helg no;)

Konkelimonke 10-02-11 12:47

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Off... I dag kjenner eg at viljen ikkje er heilt på topp... To knekkebrød med leverpostei og majones på til frukost, og no har eg ete ei skål med havregryn, mjølk og jordbærsylta.....
Nei og nei....
Veit ikkje kvifor, men kjenner eg er i litt dårleg eller trist humør i dag... Veit sanneleg ikkje kvifor... Mykje forandringar på gang kjenner eg.........

Alt eg må tenkja på! Akk og vesann.... Må berre snu ting og tenkja kor heldig eg er...
Kjenner berre på at eg er så sliten...

Nei, nok syting! Eg kjem attende for å oppdatera korleis dagen har vore matmessig, seinare i kveld :)

Konkelimonke 10-02-11 18:32

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Eå var dagen snart omme, og eg kan med glede seie det vqrt ikkje det store etegilde som eg frykta...:)

Frukost og lunch vart jo to knekkebrød med leverpostei og majones, og ei skål havregryn med sylta og mjølk.

Elles vart det omnsvakt laks og brokkoli til middag. Og ei banan.
Og no har eg prøvesmaka nokre muffins eg skal ha med på jobb i morgon. Eg har ete ein tredjedel av ein muffins. Ikkje er dei så hakkande gale innhaldsmessig heller: laga på grovt glutenfritt mjøl, istadenfor tre dl sukker tok eg ei ts stevia, bruka rismjølk istadenfor vanleg mjølk og eg putta i litt most banan. Einaste som er superusunn er glasuren... Hehe! Jadå, her testast det ut alternativer:)

Me får sjå om eg klarer å halda meg flink resten av kvelden, er snopesugen i dag..... Sukk...

Ha ein flott torsdagskveld:)

Vkta er forresten under 70kg enno. (enn så lenge)

bigmum 10-02-11 22:26

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Sitat:

Opprinnelig lagt inn av Konkelimonke (Innlegg 1026756)
Vkta er forresten under 70kg enno. (enn så lenge)

Oj, veier du ikke mer? Hvor langt er du på vei? Jeg har lagt på meg 20 kg jeg!! Er 31 uker på vei......Men forrige gang la jeg på meg 30, så får håpe jeg slipper det nå som jeg er over på low carb :) Går det ellers greit med deg og magen? Synes du er flink som skriver ned alt du spiser!
Jeg sliter litt med å holde meg utenfor ketose, merker at jeg har problemer med å holde meg over 30 karber når jeg først er pål lavkarbo, får litt karbofobi, liksom....jeje.....full skjerpings!

Carisma 10-02-11 23:24

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Jeg sliter med å komme meg inn i noe som kan kalles lavkarbo i det hele tatt jeg... :o
Er i uke 15, og de siste 10 ukene har gått lukt åt skogen.

bigmum 11-02-11 08:18

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
 
Sitat:

Opprinnelig lagt inn av Carisma (Innlegg 1027069)
Jeg sliter med å komme meg inn i noe som kan kalles lavkarbo i det hele tatt jeg... :o
Er i uke 15, og de siste 10 ukene har gått lukt åt skogen.

Åja Carisma, jeg har jo vært på HØY HØY karbo de 28 første ukene, så DET har jeg full forståelse for:) Men nå har jeg lagt meg i selen, ENDELIG! men da synes jeg det er vanskelig å kjøre "snill" lavkarbo, for sukkersuget forsvinner ikke :)


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 02:17.

Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2024, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Foreldreportalen.no | Selvrealisering.no
© 2004-2015, Lavkarbo.no