![]() |
Relativt lavkarbo shepherd's pie
Har laga ein versjon av shepherd's pie til middag i dag.
Steikte kjøtdeig, løk og sjampinjong, laga brun (litt brun i alle fall ;)) saus av buljong, litt JBKM, smør og fløte, og blanda inn i kjøtblandinga og ha i ei ildfast form. Sett omnen på ca 200 grader. Skar opp i bitar og kokte sellerirot, og laga mos av det med fløte, muskat, salt, pepar og litt smør. Heiv oppi eit lag med fryste grøne erter (kanskje ikkje det beste karbomessig, men smakar bra.. og uansett betre enn mais), og så sellerirotmosen på toppen. Deretter nokre klattar med smør på toppen, så i omnen for oppvarming og gratinering, ca 20 minutt, til alt er varmt og smøret har smelta og fått gylden farge. Smakte berre fantastisk godt! Ein kan sjølvsagt sløyfe ertene og heller ha i noko meir lavkarbo om ønska. Trur nok det blir restar til lunsj i morgon! Nam! Til og med sambo, som har vore litt småskeptisk til lavkarbo tykte dette var kjempegodt! |
Sv: Relativt lavkarbo shepherd's pie
Shepards Pie er godt! :) Denne varianten må jeg prøve!
|
Sv: Relativt lavkarbo shepherd's pie
Sitat:
Dette skal prøves i morra! :) |
Sv: Relativt lavkarbo shepherd's pie
Kan jo trøste med at grønne erter har lav gi. Ellers er sikkert kikerter veldig godt, det ha en ennå lavere gi og kh-mengde!
|
Sv: Relativt lavkarbo shepherd's pie
Eg dreg hermed denne fram igjen, for denne er god!;)
|
Sv: Relativt lavkarbo shepherd's pie
*nikker*
Høres veldig godt ut. |
Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 13:04. |
Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2025, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Foreldreportalen.no | Selvrealisering.no
© 2004-2015, Lavkarbo.no