![]() |
Meksikansk lasagne!
Med bilder: http://jannikej.blogg.no/?c=1296664287 :) Dagens lavkarbomiddag er ei blanding mellom 2 av mine aller beste oppskrifter: tacokyllinggrateng og lasagne. Eg velge å kalle den: MEKSIKANSK LASAGNE! 3 kyllingfiletar. 3 dl fløyte. 1 boks hakka tomatar. 1 squash. Heimelaga tacokrydder (ca 1/3 av dette): 2 ss chilipulver 1 ts hvitløkspulver 1/4 ts løkpulver 1/2 ts tørka oregano 1/2 ts paprikapulver 2 ss malt spiskummin 1/2 ts salt 1 ts malt svart pepper 1 krm cayennepepper Revet ost. Salsa. Rømme. Salat. Skjer squashen opp i tynne skiver med ein ostehøvel i eit dørslag, ha salt over for å trekkje ut litt væske. Del kyllingfiletane i bitar og steik dei i litt smør. Ha over tacokrydderet. Ha over fløyte og hakka tomatar. Legg deretter lagvis med kyllingsaus og squash i ei ildfast form. Start og slutt med kyllingsaus. Eg la 2 lag med squash. Ha til slutt ost over. Sett gratengen i ovnen på 200 grader til osten er gyllen (ca 20 minutt). Server med ein enkel salat, salsa, rømme og guacomole! |
Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 09:50. |
Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2025, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Foreldreportalen.no | Selvrealisering.no
© 2004-2015, Lavkarbo.no