Mitt liv som gravid på lavkarbo
Hei alle som stikk innom!
For å få fokuset vekk frå sjokomjølk, skive med brunost og kakao, tenkte eg at det er på tide ta tak i tinga att - for ikkje å risikera legga på meg 35kg dette scangerskapet òg... Skrekk og gru...
Eg er no snart 13fullgåtte veker, og har så langt lagt på meg 3kg. Vekta syner no 70kg. Eg trur nok det kjem mest av at eg har ete "normal" mat full i karbisar den siste tida. Mest fordi eg har vore kvalm og det einaste som har hjelpt har vore brød eller anna karbofull mat. Uansett. Eg er no over kneika, og må sjå framover på det neste halve året som gravid.
Så, eg vil legga inn her kva eg et kvar dag, mest av alt for å gje meg sjølv ein oversikt.
I dag:
Frukost- c.c. med kanel og litt stevia, 1/2dl biola.
Lunch- tre Husman knekkebrød med baconost (ein goood klatt på kvart knekkebrød!)
Mellom- to små eplebitar frå barnehageborna sitt fruktfat...
Middag- svinekotelettar med baconfløytesaus, litt blomkål og brokoli.
Kvelds- eit eple...
Og det er det så langt i dag. Eg kjenner allereie kroppen er i omstilling, og eg kjem nok heilt sikkert til å få lyst på resten av sjokomjølka i kjøleskapet seinare... Eh... Det er vel mi "kreiving" denne gongen... Eh...
Eg skal ikkje etq ketolyse eller ketosebasert lavkarbo, men eta med vet og slik eg veit er ok for meg. Gjerne under 100g karb om dagen. Om de har innspelnså kom gjerne med dei!
Klem frå Konkelimonke :-)
|