Sv: Sellerirot fries
I forhold til Belgia er sellerirot dyrt ja. Her betaler vi 2 euro for ei heil rot, der heime betaler ein jo lett 20 kroner for ein bitteliten bit.
Får de tak i heil sellerirot i vanleg matbutikk? Eg kontakt nemlig Bama for nokre veker sidan og spurte kvifor dei delte rota opp, noko eg meiner er berre teit, fordi den blir så fort stygg og brun då + at det faktisk finst folk som brukar ganske mykje sellerirot. Då sa han at eg kunne gå på butikken og be dei bestille heil rot til meg. Men eg torer nesten ikkje tenke på kor mykje ei heil rot vil koste!
Har sjølv prøvd å frityrsteike sellerirot. Det smakar godt ja! Men det blir ikkje sprøtt, sidan det ikkje inneheld så mykje stivelse (som til dømes poteta).
|