Sv: Sellerirot fries
Ja, det er berre å gå i gong og ete meir sellerirot! Den er kjempegod steikt i smør med salt, pepar og muskat (etter at den er oppdelt og forkokt) eller mosa med fløte og allereie nemnde krydderier og smør.
Eg var i kontakt med Bama for litt sidan og spurte kvifor dei deler opp sellerirota og sel den i plast - noko eg meiner forringar den, for den blir fortare brun når den er oppdelt. Samtidig er vi kanskje etterkvart fleire som gjerne vil kjøpe og bruke meir sellerirot. Eg bur jo i Belgia og er van med å kjøpe ei heil rot på godt over ein kilo til kanskje eit par euro. Får de tak i heil rot der de bur? Bama sa eg kunne bestille det på matbutikken heime i Norge. Men skal tru kva det vil koste?
|