Sv: Ost og kjeks?
Eg serverte ost og kjeks då eg hadde bursdag sist veke. Kjøpte inn diverse kjeks, samt at eg laga Nannah sine knekkebrødkjeks og ein "heimesnikra" versjon der eg hadde i 2 egg, litt philadelphia, ei toppa skei glutenmjøl, litt sesamfrø (ein liten neve), litt fiberhusk og maldonsalt. Denne røra vart ganske blaut og lett å få utover bakepapiret med ein slikkepott. Langsteikte den på ganske lav varme (100grader), då eg måtte ein tur nedom ein butikk i mellomtida, men kan nok steikast omtrent om Nannah sine knekkebrødkjeks. Berre pass på at dei ikkje blir svidd!
Eg laga jo desse kjeksa for at også eg kunne ete det samme som dei andre, men det viste seg at dei heimelaga kjeksa var mykje meir populære enn dei som var kjøpt, dei forsvann veldig fort! Og folk skrytte og ville ha oppskrift! Det var berre få av dei som var der som veit at eg er full LCHF'ar, så det var litt kult.
Oppskrifta på min heimesnikra versjon er veldig på slump, då eg greidde å småsvi nokre av Nannah si oppskrift, og i rein desperasjon berre heiv ihop noko for å bli ferdig med alt i tide! 
|