Sv: Noen spørsmål om jeg kan være i ketose
Vi trenger meir informasjon om matforbruk og kor mykje vatn du konsumerar, og eg lurar veldig på kva du meinar med å "trappe opp til lavkarbo"? Du meinar vel å trappe ned på karbohydratene til ein lavkarbolivsstil?
Ser på kostholdsfilosofien at det er lavkarbo som gjeld for deg. Har du bestemt deg for kor mange karbohydrater du skal innta pr dag? Eg ligg sjølv på maks 50 gr karbohydrater pr dag og er då i ketose, mange ligg på mellom 30-75 gr kh pr dag og trivast med det og nokre heldige kan faktisk oppleve vektnedgang og bedre helse med så mykje som opp mot 150 gr kh pr dag
På lavkarbo så er det anbefalt å ete mat når du er svolten, ete deg passande mett og då stoppe, ete eit nytt måltid når du igjen er svolten. Får du i deg nok feitt i løpet av ein dag så er det mange som eter 2-3 måltid og er mett heile dagen. Det viktigaste med lavkarbo er å få i seg nok vatn i løpet av dagen. Eg personleg drikk 2-4 liter kvar dag og minst mogleg anna drikke. Det blir også anbefalt å ta litt ekstra kosttilskudd, magnesium mot beinkramper og krom mot søthungeren (vi har tross alt levd på høgkarbo heile livet).
Du nevner ånden din og mange opplever å få ein acetonliknande ånde når dei er i ketose (eg personleg har ikkje merka mykje til den), dette kan vere eit signal på at du er i ketose. Det beste er å kjøpe sticks og teste minimum 2 timar etter siste måltid.
Håpar dette var forståelig og gjer deg litt klokare. Elles anbefala eg å søke etter meir kunnskap, kjøpe Sofie Hexeberg sin "Frisk med lavkarbo" eller "Ketolyse - En enklere vei til et lettere liv" av Torkil P. Andersen (kan også låne dei på biblioteket) eller rett og slett les mange av dei trådane inne på dette forumet som er klistret. Vegen til eit sunnare liv er via kunnskap 
|