Sv: Noen som erfarer å svette mindre?
Eg sleit veldig med høg kroppstemperatur og stygg svettelukt. Svetta spesielt under armane, under puppane, rundt hårfeste og bak på ryggen, svetta kunne renne frå ansiktet i strie straumar.
Etter eg gjekk over på lavkarbo svettar eg nesten aldri, men eg har starta å fryse i staden for. No svettar eg kun når eg trenar eller gjer anna fysisk arbeid. Mykje skuldar nok vekttap på 17 kg, men det tok ikkje mange dagane på lavkarbo før kroppstemperaturen min gjekk ned. For min del er dette ein fantastisk "biverknad" av lavkarbo 
|