Vis enkelt innlegg
Gammel 08-03-11, 08:10   #68
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo

OPPSKRIFT

Eg måååå berre legga ut ei "oppskrift" på den gode middagen me hadde i går! Mektig og saftig og smakfull... Nam!

Karry kyllinggryte

Skjer opp blomkål, purre, paprika i passe store bitar. Ha i ein boks hermetisk sopp, evt fersk sopp i bitar. Bland saman i gryte med ca 6-7dl vatn og to kyllingbuljongar. Set til kok. Medan dette koker opp, steik 3 kyllingfiletar i bitar, i litt smør. Krydr gjerne med litt provancekrydder.

Hell ein liten boks fløyte oppi dei kokande grønsakene, ha i dei steikte kyllingbitane.

Smak alt til med ein del karry og litt caiennepepper, evt litt salt. La alt småkoka til grønsakene er møre.

Nyyyyt!

Nam nam

No har dagen starta for min del, kjem attende med update seinare i kveld
Skal forresten baka lavkarborundstykker i dag, henta frå LCHF bloggen! (om du søkjer på LCHF bloggen finn du bloggen, eg er ikkje så flink til å legga inn fænsie lenker og slikt her...)

Vekta synte 1kg ned frå i går, så det er tydeleg at kroppen har samla ein del møkk den siste tida... Og nei, det er ikkje eit mål for meg å gå NED i vekt, men å ikkje fyka som ein rakett OPP i vekt pga sukker og anna høgkarboting! Berre slik at det er poengtert liksom

Heihå

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat