Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Bigmum: trur nok det skal gå veldig bra eg! Eg et røykjelaks om den har vore i frysen, og det går jo mykje ut på det sam. Uansett, hadde eg hatt salami hadden den forsvunne like raskt som fårepølsa! Hehe! Det er jo sååååå godt 
I går kveld laga eg meg knekkebrød heilt utan linfrø og kruskakli - milde måne kor gode dei vart! Litt porøse, men akk og vesann! Så i saman med rundstykka har eg no funne to knallgode alternativ til brød! JIPPI!
No driv eit egg på på komfyren, så vert det knekkebrød med baconost og egg på til frukost... *sikle*
Vekta stoppa i dag på 72kg, og eg er nøgd med opprenskinga eg har gjort i kroppen denne veka! Føler meg MYKJE betre, prompar sjeldan, ikkje oppblåst og magen er ikkje i ulage lenger - suuupert!
Ah, no står helga for tur. Trur det skal gå bra, eg har jo tross alt ein kakeboks med knekkebrød med meg 
Håpar de får ei strålande helg alle saman!
Har forresten kikka i dei gamle svangerskapspapira mine, i veke 20 sist, hadde eg lagt på meg 5 kg og vog då 78kg... Trur nok at med 6kg mindre utgangspunkt denne gongen, og betre fokus, så skal eg nok ikkje fyka opp ein kilo i vekanslik eg gjorde etter veke 20 sist... No er eg straks 21fullgåtte veker og no er det 5kg i pluss. Trur dette går strålande om eg keep up the good work!
Heihå 
|