Vis enkelt innlegg
Gammel 14-03-11, 18:29   #1
Kokken Tor
Juniormedlem
 
Kokken Tor sin avatar
 
Medlem siden: Mar 2011
Hvor: Passe langt nord for Polarsirkelen
Innlegg: 31
Kokken Tor er på en erverdig vei
Exclamation

Jorbærfromasj - Ulv i fåreklær!

Ja, eg innrømmer det så gjerne:
Her på nyåret, med julekiloane på topp, og samvitet på botn, gjekk eg rett på limpinnen! Eg kjøpte ei bøtte (nei, ikkje ein snerten liten pose, men ei BØTTE!) med slankepulver frå Camp Kilo (sinnsjuk i gjerningsøyelikket ville dei sagt i norske rettssalar...!)

Fann fort ut at veker og måneder i pulverhelvete ville få meg til å gå ut av mitt gode skinn, så BØTTA vart parkert i ei krå på kjøkkenet som ei evig påminning, til skam og ettertanke! Ho er nesten full, og som sunnmøring er det ikkje berre-berre å kaste noko som kosta så skamlaust mykje!

I dag kom ho likevel til sin rett i ein snerten liten kreasjon meint til servering etter middag: Jordbærfromasj!

Ingredienser:
50g Camp Kilo m/jordbærsmak (rista ut i 3 dl vatn).
60g TechNutrition - proteintilskot m/jordbærsmak (rista ut i 4 dl vatn).
7 ts Gelatinpulver rørt ut i 8-9 ss vatn.
Varm opp dei to jordbærblandingane i ei panne til den nærmar seg kokepunktet. Rør inn gelatinen og sett til rask avkjøling.

Etter nokre timar; Voila! ...ei bloddopa proteinbombe av ein jordbærdessert!

Berre så det er sagt; dette er ikkje "my finest hour" innen kokekunsten, men eit innfall som berre måtte prøvast! Gode desserter veks ikkje på tre heller... I alle fall ikkje i vår krets. Skal teste denne ut i morgon med heimelaga lavkarbo vaniljesaus.

Kjem attende med nyheitsoppdateringar og ekstrasendingar om det skulle inntreffe noko dramatisk!

Stay tuned!

__________________



Start: 158 Mål: 100 Delmål: 135, 128, 120 & 110
Gulrot: Småviltjakt til hausten

Sist redigert av Kokken Tor : 15-03-11 kl 08:30.
Kokken Tor er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Normal LCHF Svar med sitat