Vis enkelt innlegg
Gammel 21-04-11, 08:42   #1
Kokken Tor
Juniormedlem
 
Kokken Tor sin avatar
 
Medlem siden: Mar 2011
Hvor: Passe langt nord for Polarsirkelen
Innlegg: 31
Kokken Tor er på en erverdig vei
Exclamation

Lunsjsalat for 5-6 dager

"Jeg følger med i tiden, og forventer effektivitet" - Er det nokon som husker denne klisjebomben frå reklameverda på tidleg nittital? Handla visst om hårprodukter som eg ikkje har så veldig stor nytte av no uansett, etter som det vert lengre og lengre mellom hårtustane på mitt store hovud.

Slagordet har eg i midlertid no gjort til mitt eige når det gjeld matlaging og diett. Når eg ser attende på alle dei mislukka forsøka eg har hatt på å gå ned i vekt så er det enten dårleg planlegging og/eller mykje tid på kjøkkenet som til slutt har teke knekken på heile prosjektet.

Løysinga no er å tenke større, og det er her den nemnte klisjeen kjem inn. Når ein først lager mat; kvifor ikkje lage for fleire dagar?

Oppskrifta nedanfor er til ein lunsjsalat som kan halde til lunsj i fem-sju dager/porsjoner avhengig av storleiken på porsjonane.

Ingrediensar:
1 boks rekesalat frå Euroshopper (Valgt på bakgrunn av karboinnhald)
1 boks krepsehaler frå Matmesteren (Er overbevist om at anna også går...)
5 kokte egg (Store egg; Delt med eggedeler på kryss og tvers)
1 stor raud paprika hakka i terningar
1 brett med sukkererter hakka i terningar (Paprika og sukkererter er ganske viktig å få med for å tilføre salaten ei viss friskheit og sødme)
150-200g purreløk - Finhakka
1 boks picnicskinke, alternativt røkt og kokt skinke (300 g) i terningar
1 pakke majones

Bland det heile i ei skål/bolle. Smak til med peppar. Vil tru at andre urter og krydder kan bidra til nødvendig variasjon om ein skal ha denne over fleire dagar. Salaten er ypperleg som matpakke på jobb!

Slit den med helsa!

Salaten tåler godt å stå nokre dagar i kjøleskap, men den bør sjølvsagt dekkast til. Skal gjere eit forsøk på å fryse ein porsjon i dag, og vil komme attende med ei evaluering av det prosjektet.

__________________



Start: 158 Mål: 100 Delmål: 135, 128, 120 & 110
Gulrot: Småviltjakt til hausten

Sist redigert av Kokken Tor : 21-04-11 kl 13:19.
Kokken Tor er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Normal LCHF Svar med sitat