Mitt aller første konkurranseløp i morgen - trenger mattips før løpet
Eg skal, i morgon, jogge/gå mitt aller første konkurranseløp. Larviksløpet på 7,75 km. Dette gjer eg heilt av eigen vilje, eg vil teste kroppen min og ikkje minst meg sjølv og min vilje. Eg har trent til dette i heile vinter, så kroppen min skal vere klar.
Det eg treng hjelp til er korleis skal eg ete før løpet?
Dette er det eg har planlagt å ete, vil gjerne ha kommentarar:
Frokost (ca. kl. 09:00): 3 steikte egg og ein del bacon + 0,7 liter vatn og 1 glas h-melk
Lunsj (ca. kl. 13:00): Salat av isbergsalat, paprika, agurk, cherry tomat, fetaost m/masse olje, egg, oliven, brokkoli, blomkål og skinke + 0,7 liter vatn
Løpet startar kl. 16:00, så eg har lagt opp til frokost og lunsj. I vinter har eg ete mellom 50 - 70 gr kh dei dagane eg har trena og ligge på rundt 30 gr kh dei dagane eg ikkje har trena og det har eg følt har vore optimalt for meg.
Eg kjem til å drikke litt XL1 før løpet og så fylle på meg vatn underveis i løpet og så drikke litt XL1 etter løpet for restitusjon (veit der er mykje kh i XL1, men trenger boosten).
Ser dette ut som ein grei plan?
Takk for all hjelp og råd før den store dagen min 
|