Sv: MBT-sko
Hoppar inn her litt på etterskot ...
Eg elskar mine MBT-sko. Det er absolutt og utan reservasjon noko av det beste eg har investert i i heile mitt liv, ved sida av MoonCup... Dei var såpass dyre at eg tenkte ganske lenge på det før eg kjøpte. Men det første paret fikk eg til halv pris, så dei kosta tusen kroner i staden for to tusen. Det var verdt kvar ei krone mange gongar over.
Eg hadde store problem med i det heile tatt å kunne gå før eg kjøpte skoa. Plagar både frå hofter/bekken såvel som lenger ned m knær og anklar. Vi bur på toppen av ein bratt bakke, og skolen ligg nokre hundre meter nedi her. Mellom 5 og 10 minutt å gå (eg går sakte, eg). Om eg hadde gått ned til skolen, kunne eg risikere å ha store problem med å kome meg heim igjen i mine vanlege flate sko. Såpass dårleg stod det til.
Eg syntes det ikkje var noko vanskeleg å venne seg til rulling, men det kjendes skikkeleg godt dagen derpå at eg hadde gått ein tur på 20-30 minutt, ja! Stiv og støl i musklar eg knapt ante eg hadde. Spesielt på sidene av låra/hoftene, trur eg det var.
Men gud hjelpe meg så fort eg blei betre og meir mobil! Eg gikk tur nesten kvar dag i dei, og det var ingen problem m ein 20-30 minutts runde. Ikkje lenge etter måtte bilen vår på verkstad i ein ganske lang periode, og eg måtte gå til og frå barnehagen - ca 45 minutt kvar veg. Eg ville aldri på nokon som helst måte ha klart det i vanlege sko berre eit par veker før, no gikk det så lett som å sveve på ei sky.
Det høyrest kanskje for godt ut til å vere sant, men for meg så var dette verkeleg noko av det beste eg kunne gjort for meg sjølv da. No har eg hatt dei i nesten 2 år, så dei begynner å bli noko slitte, og eg har begynt å bruke vanlege flate sko innimellom, men det er ingen tvil om at vil halde fram med masai-sko for ein stor del, for det har gjort kroppen min så godt at eg kan nesten gråte når eg tenker på det. Frå tidvis å knapt kunne gå, til å gå normalt og smertefritt så godt som 100% av tida, det er som eit mirakel for meg. Det vil nok ikkje hjelpe like godt for alle, så klart, men kan du avsette pengar til å prøve så seier eg go for it, altså. Anbefales på det varmaste! 
__________________

|