Vis enkelt innlegg
Gammel 03-05-11, 02:55   #7474
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: "Jeg lurer på"-tråd, forhåpentlig med enkle, korte svar

Ja, bringebærblad skal ha god virkning på livmormuskulaturen. Snart får ein vel ikkje tak i slikt lenger, ettersom Det Store Stygge Farmamonsteret har pressa EU til å forby naturmiddel frå 1. mai i år. Eg syns det er godt med varmepose på magen også, og i mine yngre dagar var det nokre av oss som brukte tigerbalsam og smurde over magen. Luktar sterkt, men det hjelpte no for meg i alle fall. På smertene da. Ikkje så mykje på kvalmen og sånt. Ein gong var eg så dårleg at eg måtte heim frå skolen fordi eg heldt på å svime av av smerter, da fikk eg stesolid med far min som slo meg ut, så eg fikk sove det bort. Men betre å ikkje måtte til med slike bomber.

Ja, Carisma, vi har absolutt bruk for sovesofa, eg har kikka på Finn ei stund no etter den perfekte nye sofaen. Men kanskje ørlittegranne upraktisk for meg å måtte til Oslo etter ein, da. (Ellers hadde eg nok alt handla...)

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve.