Vis enkelt innlegg
Gammel 13-05-11, 05:36   #168
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Maiskravletråden 30+

Nupsida!!!

Opprinnelig lagt inn av Nupsida, her.

Huff, nei var bare alt som plutselig ramlet sammen. ... Alt ble bare alt for mye, og jeg tenkte at trøstespising hjalp før, og det kommer til å hjelpe nå. Men etter to dager der jeg nesten ikke har gjort annet enn å spise så har jeg funnet ut at dette funker faktisk ikke. ... Jeg er utrolig skuffet over meg selv.

Veit du kva? Du skal ikkje vere skuffa over deg sjølv. Niks! Du skal vere glad over at du har vore gjennom dette og innsett noko usedvanleg viktig. Du skal vere stolt over at du er sterk nok til å seie til deg sjølv her og no at "nei, dette funka faktisk ikkje, no legg eg det frå meg". Det er ikkje eit nederlag! Eg har levd med mat som hjelp og trøst mot dette og hint i mange, mange år. Sidan lenge før du var født Det å faktisk forstå at det ikkje hjelp likevel, det tok lang tid. Sjølv om vi kanskje kjenner det inni oss på eit tidspunkt, tar det ofte veldig lang tid før vi klarer å flytte det frå det vage ubehagelege indre, til ei reell medviten erkjennelse om at dette funkar faktisk ikkje, og det er ikkje dette eg treng.

Ta det med deg vidare, og sjå dei siste dagane som ein siger heller enn eit nederlag. Siger fordi du ser kva det gjer med deg istaden for det du skulle ønske det gjorde. Og så blir du sterk og kan bygge deg opp ein ny verktøyboks som hjelper deg å meistre det som blir stort og vanskeleg.

Stor klem frå Zillah

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat