Bouillom malgache!
Med bilder:
BOUILLON MALGACHE!
- Biffsuppe med salat og vannkastanjar!
Ein gammal, ærverdig rett frå Mauritius! Ingrediensar
- 500 g biffstrimlar.
- Salt og pepar.
- Olje.
- 1 lauk , finhakka
- 4 kvitaluksfedd, finhakka.
- 1 ss finhakka frisk ingefær
- 400 g hakka hermetiske tomatar med kvitlauk.
- 3 grønnsaksbuljongar utblanda 1 l kokande vatn.
- 130 g vannkastanjar (litt fyfy, men ikkje særleg karbo i denne retten ellers so).
- 6 blad isbergsalat
Slik gjere du:
Krydre kjøttet. Sett det til side.
Steik lauken i ein kjele i olje. Ha i kvitlauk og ingefær. La det steike til lauken er blank.
Tilsett tomatane. Rør godt og la det koke i 20 minutt. Smak til med salt og pepar.
Tilsett buljong. Legg over lokk og la det koke i nye 20 minutt.
Ha i kjøttet og la det koke i 15 minutt.
Vask salatblada og kutt i strimlar. Del vannkastanjane i tynne skiver.
Legg salaten og vannkastanjane i ein suppebolle og aus over suppa.
La det "kvile" i 5 minutt før servering.
|