Andre enn meg som reagerer? Sukkervatn til baby...
Som råd om baby er uroleg, skal ein laga til sukkervatn... Ei ss per dl vatn, evt to ss per dl vatn....
Kor bra kan dette vera?
Me snakkar jo om dei såkalla sukkerbabyane som er store ved fødsel pga mor sitt sukkerinntak under graviditeten, og så er det liksom ok å fôra den stakkars babyen med sukker når han er uroleg???
Eg er zjølv "på tjukka" og sit naturlegvis og tenkjer på tida då fyrste bebisn min kom til verda... Den fyrste natta på sjukehuset var eg utslitt og jordmor gav den svoltne hylande babyen min sukkervatn som det naturlegaste i verda då eg trong ammepause...
What?
Ein ting er no sikkert, sia eg held meg til lavkarbo under denne graviditeten og bebi i magen ikkje er vane med sukker, kjem eg til å snerra kraftig om nokon så mykje som prøver å fôra han med sukkervatn....
Er eg urimeleg, eller er det andre som reagerer på dette?
Til og med min gode mann vart sjokka over dette rådet då han las i brosjyra eg raska med meg frå apoteket...
|