Sv: Maiskravletråden 30+
Trur eg har høyrd enkelte snakke om at det kan bli for mykje svovel. Aner ikkje om det er noko i det, bekymrer ikkje meg. Egg er så fantastisk næringsmiddel på alle andre måtar. Det er nok mykje overtru ute og går også. Eg hugsar da eg var lita, at ein tante av meg snakka om at damer kunne få sjukdomar i eggstokkane av å ete for mange egg. Um... yess. Og oppmalt nasehorn-horn er bra for potensen, også. Likskapsmagi skal ein ikkje kimse ad!!!
__________________

|