Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Ooooi..... No er det jammen lenge sia eg har oppdatert her!!!
Kanskje på tide?
I morgon er eg 34 fullgåtte, og det nærmar seg med stormsteg! Må ærleg sei at dette svangerskapet har gått superfort samanlikna med det førre, så no føler eg eg nesten ikkje klarer å halda meg fast i svingane lenger!
Når det gjeld lavkarbo går det litt opp og ned. Eg er flink i vekene, men ikkje fullt så flink i helgene. Uansett, eg har til no gått opp 14 kg, og er igrunnen fornøgd med det har holdt meg nokonlunde stabil på kring 80-81kg dei siste tre vekene, så skal ikkje klaga.
Eg er derimot overtydd om at lavkarbokosthaldet gjer at eg IKKJE samlar vatn!!! Då eg gjekk med jentungen for 6 år sia såg eg på denne tida ut som ein flodhest - full i vatn! Men no kjenner eg ingenting til det, not even når det er litt varmt i vêret jippi! ...og bank knallhardt i bordet!
Elles er formen sånn opp og ned. Har massevis av kynnera, uansett om eg ligg pinn iro heile dagen eller gjer småting. Er nokon dagar eg kan sverga på det er maserier, då dei er vonde og til dels regelmessige. Heldigvis stoppar det alltid opp, vil ikkje ha noko av fødsel no, det er litt for tidleg!
Kjenner elles på at magen byrjar vera i vegen - all aktivitet som inkluderer at eg må ned på golvet er eit herk. Ikkje reiser eg meg noko særskild elegant opp av senga/sofaen heller... Haha!
Jaja, dette går uuuuudmerket i dag er eg superkvalm og glad eg er heima... Kjennest ut som om eg må kasta opp når eg beveger meg...
Så, samanlagd er eg strålande nøgd med livet igrunn! Gler meg til å verta babymamma, heimefødsel er i boks og ting berre let venta på seg
Ha ein fin dag!
Og hugs - eg trur lavkarbo er det beste alternativet uansett!
(no skal det seiast at eg kvar helg har verdas råaste mage, nettopp på grunn av høgkarbomaten eg då ikkje klarer å styra unna... Stakar dei som bur ilag med meg kvar sundagskveld når all gassen må ut... Hahahahaha!)
|