Sv: Er det farlig?
Du må ete, jente! Ikkje rart du er kvalm. Godt du får i det godt med vatn. Men slik kan du ikkje halde på. Får du i deg vitaminar, som folk har spurt her?
Har du slutta cold turkey med karbar, eller har du trappa sakte ned? Kor lenge har du følt deg dårleg? Det er vanleg å føle seg dårleg i ei overgongsperiode, når kroppen kvittar seg med skit. Greier du parmaskinke eller liknande? Det er litt salt så du held litt på vatnet (det kan gå rett gjennom om du ikkje får i deg vitaminar) og rimeleg lett å fordøye, synest eg i alle fall. Håper det gir seg snart for deg! Ikkje noko kjekt å føle seg dårleg. 
Har du nettopp byrja med metformin? Når tek du den? Tek du den i forbindelse med måltid? For meg MÅ den takast MED mat, eller ETTER mat. Elles kan eg lett bli kvalm. Eg gjekk rundt i månadsvis og var kvalm om morgonen fordi eg tok den om morgonen med thyroxinen min, fordi eg var redd for å gløyme den.. Eg kasta opp nesten kvar dag... 
|