Vis enkelt innlegg
Gammel 23-06-11, 08:07   #131
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo

No kjenner eg formen er på veg opp, sjølv om kroppen tydleg vert tyngre. Det vil sei, eg vert ikkje tyngre, men vektfordelinga gjer sitt til at det er både nedpress og eg kjenner eg "hiv rundt" på babyen når eg snur meg i senga. Han ligg ikkje og flyt lenger for å sei det slik, han kviler mot livmora

Trivst godt på lavkarbo om dagane. Vekta ligg no nokonlunde iro på 82kg, det vil sei 15kg i pluss.

Ehm... det vil sei... i helga som var frotsa eg noko HINSIDES i snop!!! Gåsjameeeeeeg! Men, då heimefødseljordmora var på besøk på laurdagen og etter å ha kjend på bebissn i magen estimerte røffleg mellom 3600-4100g tung baby ved fødsel, tok eg skeia i ei anna hand momentant! Ein halv kilo utgjer ein god del, så om eg tilfører han reint sukker desse siste vekene, er nok nærare 4000g bebi eit faktum. Not gonna happen, rett og slett!
Så no går det i lavkarbo jah, og eg kjenner i HEILE meg at det er myyyykje betre! Vert ikkje mange utskeielsane framover... Ikkje skal eg noko som tilseier at eg treng skeia ut heller.

Neste veka skal eg og jentungen på ferietur til far min, slik me har gjort eg og ho dei siste 4 somrane. Vert rart at det er siste somaren eg og ho aleine reiser... difor følte eg på at eg måtte gjera denne siste jentetingen med ho, som tross alt har vore VÅR tradisjon Litt vemodig... men slik er livet, til nesteår kan me reisa heile sulamitten Me skal no kosa oss, på camping i Sverige og leikeland og greier. Eg kjem nok for det meste til å vagga rundt frå benk til benk, og knaska på lavkarbobrødet mitt, men eg må sei eg gler meg veldig! Føler eg og jentungen er litt på krigsstien for tida, ho testar og testar på grenser. Sikkert for å få bekrefting på at "mamma er framleis glad i deg" men eg kjenner det tærer på gravidhormonene mine å heile tida vera i ein eller annan liten ubetydeleg konflikt... Eg prøver så godt eg kan å sjå ho, kosa med ho, snakka med ho, høyra ho, ja - alt eg vanlegvis gjer. Men det er ikkje til å stikka under ein stol at lunta er litt kortare enn normalt....

Anyway, vart mykje mas dette her! Hehe!
MÅ berre poengtera atter ein gong: EG ELSKAR LAVKARBO!!!!!!!!! Eg er såååå sikker på at hadde det ikkje vore for lavkarbo, hadde eg vore på god veg til å oppleva enno eit svangerskap med litervis av vatn i kroppen og eit skyhøgt vekthopp! Til no: behaglege (?) 15kg og INGENTING av vatn i kroppen! Jippiiiii! (På denne tida med jentungen (som var omlag på dagen same tid på året) var eg full i vatn, hendene visna vekk, ringar var umogleg å få på, eg var misserabel og i dårleg humør....)

Ha ein flott dag alle saman!
Eg skal verta flinkare å oppdatera her inne no, kjenner det er godt å skriva litt att

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat