Sv: Hvor mye karbohydrater pr. dag?
Opprinnelig lagt inn av Cindrella, her.
JAAA jeg vil gjerne ha oppskriften på de brødene... vet du hvor mye kh som er i dem å eller:=) ??
Ikkje vanskeleg i det heiletatt, og doblar du oppskrifta kan du fint laga brød i brødform 
Her er oppskrifta:
2dl sesamfrø (utan skal)
2dl riven ost
1ts bakepulver
1ss fiberhusk
3 egg
Bland alt det turre. Visp egga med ein gaffel og ha oppi, bland godt.
Lag 6 hamburgerbrød; ha røra på bakepapir ved hjelp av spiseskei, stryk dei ut så store du vil ha dei (eg fekk då altså 6stk).
225grader i ca 10minutt, midt i omnen.
Del brøda i to, fyll med burgerstæsj og nyt!
Om du vil laga brød, doblar du oppskrifta, har det i ei brødform, 200grader i ca 45 minutt. Oalla - gode, relativt smaklause (eg kjenner iallefal ikkje noko smak) skiver 
Eg har funne oppskrifta i ein eller annan blogg, men hugsar diverre ikkje kva slags....
Går sikkert an å køyra sesamfrøa i fresaren for å få "mjøl".... Om du ikkje er glad i heile sesamfrø i tenna 
|