Sv: Hvordan få knekkebrødene sprø?
Kor lenge steiker du? Dei må steikast lenge nok, gjerne på ganske lav temperatur så dei heller tørkar enn steiker.
Eg oppbevarer ikkje mine knekkebrød i tett boks, erfaringa mi er at dei ikkje nødvendigvis held seg sprø då, men mjuknar. Bruk heller ei julekakeboks eller noko. Eg har berre hatt dei i ei boks utan lok, og det har gått heilt fint.
Lagar du dei veldig tjukke? Veldig tynne? Er dei veldig tjukke så treng dei jo lenger steiketid. Men eg trur trikset er litt å ha på mindre varme, og la dei stå lenger. Gjerne bruke varmluft.
Eg har ikkje brukt noko oppskrift på mine, eg berre hiv oppi bollen litt av ditt, litt av datt, og så vatn nok til å få ei god røre.
Eventuelt kan du prøve å lage meir kjeksaktig versjon ved å ha i egg og philadelpiaost, og så det du vil av frø og malt frø, fiberhusk etc.
|