Sv: Juniskravletråden 30+
Uff da, Nnem :-( Trøst-og-motivasjonsklem inc!!
Ikkje la deg sjølv falle inn i den gode gamle fella, no. Ho står der gapande åpen og ventar på at du skal ramle ned i ho, på at du skal tenke "huff nei no har eg gått opp så no er det ikkje vits i å prøve på dette meir" - men ta ein stor omveg rundt! Det går an å snu det. Plutseleg løsnar det. Du veit, det går ikkje berre ned - stillstand - ned ... av og til går det opp også, og det er kjipt og når det blir mykje av det så er det lett å miste motet. Men eg trur du kan klare det!
Veit du kva, her med meg har det gått trått ei stund. Eg trur eg er på veg ned igjen no - håpar i alle fall det - men sjølv om det har gått i sneglefart lenge, og vekta har gått opp minst like ofte som ho har gått ned, veit du kva som har motivert meg til å halde fram? Det at eg veit at eg gjer noko som er godt for meg sjølv, sjølv om eg kanskje ikkje ser det store resultatet her og no, så veit eg at det eg gjer er bra for meg. Det eg har lagt bak meg er noko eg ikkje vil tilbake til, for da var eg ikkje noko snill med meg sjølv, og hadde det ikkje godt. Og eg er verd å vere snill med. Det er du også!
__________________

|