Vis enkelt innlegg
Gammel 01-07-11, 02:13   #1
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Juliskravletråden 30+

Da trur eg jammen det er juli, sann! No må vel sommaren kome, no er det inga bøn! Fram med bikini, grill, legg dykk ut på stranda m bok og solbriller. Uansett altså. No skal det vere sommar!

A propos sommar, ja, det er tid for iskrem. (Ja, det er det jo ellers i året også haha, men spesielt i varme sommarmånader.) Såg at Sanney hadde kjøpt seg ismaskin i juni-tråden. Eg hadde vore på leiting etter det og vart så glad da eg fann iskremmaskintilbehørssats (det burde kanskje ikkje vore eit ord) til kjøkkenmaskina mi her for nokre veker sidan. Skuffelsen vart jo kjempestor da den ikkje passa fordi min modell var litt ulik den nye. Arva gammal maskin. Delane ser like ut i festa, men er på millimetra gale nok til at det ikkje går

Eg har gått ned 12 kilo sidan månadsskiftet juni/juli i fjor. Betydeleg mindre enn eg hadde sett for meg. Faktisk hadde eg trudd eg ville vere i mål Men 12 kilo er likevel 12 kilo da... betre enn ingenting. Dog, i same fart vert eg ferdig om to og eit halvt år. Hadde vore kjekt å få litt meire fart på sakene slik at ein kunne få prøvd å vere normalslank før ein blir førti.

Eg er tidleg på'n her. Vakna nærmest med eit rykk her, berre 01:30. Men eg trur sanneleg eg lyt ta dag alt, eg er ikkje heilt i mål med det eg treng å få klart før vi skal ta av garde på morgonen. Held ikkje å pakke kun fintøy i kofferten, må nesten ha litt anna også.

No gikk eg for å pakke krølltanga mi, og var overhodet ikkje budd på sjokket som kom inn frå sidelinja. Krølltanga var ikkje i boksen sin. Kor kan den vere? Sist sett og brukt på badet 17. mai --- det er da vel ikkje så mange stader den kan ha gøymd seg? Og eg som lot vere å kjøpe fleire hårrullar fordi eg bestemte meg for å ta med tanga i staden...

Problem nummer to er at da eg prøvde på minstejenta finskoa i går kveld, så var både det eine og det andre paret blitt for små, og neste par finsko er 4 nummer større. Kva gjer ein da, når avfarta er sett til kl 8? Huset fullt av skor, eg var jo sikker på at dette ikkje var eit problem, men det vart det visst, ja. Kjenner eg vert stressa her no

__________________


Sist redigert av Zillah : 01-07-11 kl 02:19.
Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat