Vis enkelt innlegg
Gammel 06-07-11, 10:31   #134
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo

På tide med litt oppdaterings her
37fullgåtte i dag, og poden kan difor koma når han vil, tenk det! Fyttirakkaren, nervene byrjar snika seg innpå meg oftare enn eg kanskje rekna med... Vel, vel...

83,5kg syner vekta no. Det er jo ingenting i forhold til kor mykje eg vog med jentungen på denne tida. Så eg klagar igrunnen ikkje. Kjenner eg samlar litt vatn når temperaturen kryp over 20grader...haha!

Den siste veka har eg ikkje vore lavkarbo. Har vore på ferie med jentungen til Telemark og Sverige, så eg har berre latt mat vera mat igrunn. Men frå i dag av er eg back in action - knekkebrød står i ovnen

Eg kjenner på eit lite dilemma når det kjem til fødsel... Eg håpar han kjem kring den 23-24. fordi då kjem jentungen attende frå ferie hjå far sin. Ho reiser no sundag. Eg er nemlig veldig redd for at ho skal føla seg uttafor eller erstatta om han kjem i ferien hennar, og "alle" har sett han før ho... Eg har lyst at ho skal få visa han fram, og få det eigarforholdet frå starten av! Kva tenkjer de? Om han skal koma før ho reiser, bør han komma på fredag eller laurdag, men då er eg redd ho ikkje vil reisa til far sin... Det skal seiast at ho er veldig avhengig av meg... Ho vert snart 6år.

Har de nokre tankar kring dette de kan dela med meg vert eg glad for det

Ha ein fin dag

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat