Har de nokre synspunkt? De med born ...
Heisann!
Eg legg ut dette her òg eg, i håp om å få litt respons frå fleir! Har skrive om dette i tråden min inne på tilhøyrande forum, men er litt spent på kva andre tenkjer...
Litt info: tre veker til termin...
"Eg kjenner på eit lite dilemma når det kjem til fødsel... Eg håpar han kjem kring den 23-24. fordi då kjem jentungen attende frå ferie hjå far sin. Ho reiser no sundag. Eg er nemlig veldig redd for at ho skal føla seg uttafor eller erstatta om han kjem i ferien hennar, og "alle" har sett han før ho... Eg har lyst at ho skal få visa han fram, og få det eigarforholdet frå starten av! Kva tenkjer de? Om han skal koma før ho reiser, bør han komma på fredag eller laurdag, men då er eg redd ho ikkje vil reisa til far sin... Det skal seiast at ho er veldig avhengig av meg... Ho vert snart 6år."
Har de nokre tankar kring dette de kan dela med meg vert eg glad for det.
Ha ein fin dag 
|