Vis enkelt innlegg
Gammel 12-07-11, 13:48   #136
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo

Hey hey!

Då sit eg her då, skikkelig i ventemodus...
På laurdag sat eg i ca 3 timar med regelmessige rier, kom kvart 3-5-minutt og varte alt frå 1 til 2 minutt... skikkelige tak, ikkje vonde men nok til at eg kontakta jordmora mi. Ho meinte eg kanskje var på gang med noko, men det var opp til meg om ho skulle koma. Eg bestemte meg for å avventa, gjekk deretter og la meg og ALT stoppa opp.....
Sundag kveld heiv eg og gubben oss rundt, noko som resulterte i både tegningsblødning og slimpropp frå natta av... i går kom slimproppen sånn litt og litt.

MEN, har det skjedd noko meir? nope! Så då sit eg her då Og ikkje heilt veit kva eg skal ta meg til med... hihi! Tenkte eg skulle ta ein liten fjelltur i dag (sjølv om det er eit mareritt å gå lengre strekningar!)... og kanskje me skal hiva oss rundt att i kveld! Haha!

(jadå, grensa for kva som er flaut og ikkje er utviska for lengst!)

Eg kan no uansett gjera heilt ufarlege "kjerringråd", ikkje sant? (eg trur eg droppar lakserolje og trampoline...)

Elles så et er ikkje lavkarbo for tida... eg et skive og gryn og det som verre er, men eg et ikkje så mykje for tida. Kjenner er kanskje brygger på det same som gubben har vore heima med no nokre dagar - vondt i halsen og slapp i kroppen... passar jo perfekt no når eg helst vil verta babymamma! Vel, han får halda seg inne fram til me er friske

Vekta er så som så, eg drit litt i heile vekta for tida! Det får koma på det som vil, eg veit kva eg skal gjera etterpå for å få ekstravekta av (eg ligg på 84kg no då, så det er ikkje så ille... 17kg opp, 38veker på veg i morgon...)

Ha ein flotters dag alle saman!

Klem!

PS. er så stille i huset no når jentungen er på ferie... får meg til å fella ei tåre innimellom, for eg saknar ho allereie... vel, ho kosar seg nok masse masse, ho er på veg til Hunderfossen no tenkjer eg *sukk* Følest uansett unaturleg å ha barnefri når ein fyrst er forelder liksom... skjønar?

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat