Sv: Juliskravletråden 30+
Jaja... Slik kan det vel vere ibland Nups' Men du burde naturlegvis vere enda meire skuffa over han som inviterer til fest og stikk av
I går var i går og i dag har du ikkje skjeia ut meir, og det er det viktigaste!
Kom det postmann i går da, Sanney? Eg sat heime i dag sjølv, fordi eg hadde fått hint om at det skulle kome ei leveranse til meg - kjærasten hadde tenkt å overraske meg med noko som eg enda ikkje veit kva er, men klarte ikkje heilt halde tett i går kveld. Så eg sat jo her og venta da, i staden for å dra til byen, eller på stranda i finveret, men enda har det ikkje kome noko. Og så spurde han meg nyss om det har kome noko og eg måtte jo berre seie nei . Og ettersom eg ikkje aner kva det er, eller kor det skal kome frå, så veit eg ikkje kva eg kan forvente meg heller, men no er klokka halv seks og det meste held vel på å stenge inni byen. Det er jo laurdag, og ikkje akkurat ein metropol...
__________________

|