Sv: Juliskravletråden 30+
Den viktigaste grunnen til å tenke på aldersskilnad, er jo at ein ofte kan vere i (eller fort kome til å vere i) ulike livsfaser og ulik grad av modenhet, forventningar til kva som skal kome ut av forholdet osv. Om ein er på nokonlunde same stad der, er det ikkje så farleg med kva årstal som står på fødselsattesten, tenker eg. Den gamle visa med at "han vil bli gammal og døy så mykje tidlegare" ... nja... det kan fort bli annleis enn ein trur, og er nok kanskje ikkje så viktig lenger . Ja, i den grad ein ser for seg å bli gamle saman, da. Alle forhold fører jo ikkje ned den vegen, ei heller ønskar ein det.
__________________

|