Lunsj og på-an-igjen-hjelp
I sommar har kostholdet sklidd totalt ut, no nærmar kvardagen seg og eg har bestemt meg for at i dag er dagen eg kuttar ut karbohydrat igjen. Men no verkar det så tungt, og eg kjenner eg må få motivasjonen opp.
Neste veka startar eg i ny lærarjobb, og kjenner eg stressar litt over korleis eg skal gjere det med niste. Når eg har vore lærarvikar, har eg gjerne laga meg salat og hatt med meg, men no snakkar me om kvar dag. Eg synest dette er vanskeleg, nokon gode tips?
|