Sv: Ferritin
Ferritin på 250 er ikkje veldig høgt, så det kan du ta heilt med ro. Ferritin er både eit uttrykk for mengda lagra jern i kroppen, men det er også eit akuttfaseprotein. Det er difor ulike årsakar til at ferritinen kan vera litt høg.
Om du har vedvarande høg ferritin, kan det vera eit teikn på hemokromatose - dvs at du lagarar for mykje jern i kroppen. Dette kan vera skadeleg for ulike organsystem over tid. Behandlinga for hemokromatose er å tappe blod jamnleg. I starten tappar ein ofte til ferritinen blir normal, deretter held det med vedlikehaldstapping mykje sjeldnare. Dette blir gjort på same måten som når ein gir blod.
Om det på eitt eller anna tidspunkt blir aktuelt å finne ut om du har hemokromatose, kan ein vise dette på ei enkel blodrøve (hemokromatose gentest).
Lykke til!
|