Vis enkelt innlegg
Gammel 15-08-11, 12:34   #37
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)

Då er det straks heimreis, og takk og pris for det!
Ein lærer så lenge ein lever, og denne helga har eg lært at å reisa LANGT vekk med baby på litt over to veker, for så å vera vekke i fem dagar, vera i bryllaup og all festivitasen det medbringer både dagen på førehand og dagen etter - det er ikkje det luraste sjakktrekket. Baby har vore stressa, full i luft (pga lite ro kring ammesituasjonane), mor har vore stressa og full i luft (laurdag og sundag vart ikkje lavkarbodagar for å sei det slik), og me har lengta heim. Eg har felt nokre "tapre" tårer på vegen, men no er eg så glad det heile er over! Ikkje har eg fått så mykje med meg av festlegheitane heller, for mini har stort sett grene og hengt i puppen...

Vel, i dag er det tilbake på lavkarbo, godt er det!
Så langt i dag har min gane smaka på:
Eit halvt egg, ein miniboks makrell i tomat, litt ost, litt paprika, ein boks tineyoghurt.

Berre for å sei det slik- frukosten her på hotellet er ELENDIG! Punktum.

Ha ein flott dag alle saman!
No GLER eg meg til å verta regnvåt på vestlandet att

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat