Sv: Septemberskravletråden 30+
Eg er nøgd med valget her i alle fall, Venstre fikk fordobla oppslutning og mandat i kommunestyret. Og varaordfører.
Men så stilt det er her i September, da! Er vel ikkje bare fordi eg ikkje har vore innom, vel? Dagane mine er så travle, eg rekk ikkje så mykje her heime. Eg skulle ha logga inn til den lange tråden no! Kva gjer de på, alle saman?
Eg har vore opptatt med arbeidsavklaring sida byrjinga av august, og det tar opp ein del tid og ikkje minst krefter. Det blir å jobbe, lage mat, følge ungar på aktivitetar og sove. Sjeldan tid og krefter til noko meir, innimellom må eg snike inn klesvask. Men anna husarbeid eller aktivitetar er det kleint med.
Ei heller trening. Det hadde eg kanskje trengt, for eg kjenner meg eigentleg ikkje bra for tida. Vekta har vore gjenstridig i månadsvis (lat oss seie det siste året+, fettet raser ikkje akkurat av meg!) og dei siste dagane har pila gått bratt oppover. Noko er ikkje som det skal med meg. No er eg ikkje i verdas beste form akkurat, men det er nokre 10-kilo sidan eg vart andpusten av å gå opp ei trapp. Ei kort trapp. Og her på fredag blei eg svimmel av å bøye meg ned for å gli opp glidelåsen på dei nye støvlettane mine (sidespor: hurra, hurra, hurra!! Har ikkje hatt støvlettar på femten år, minst!). At eg samlar på meg vatn i beina lett er ein kjend sak, men no kjenner eg meg tung og pløsete rundt magen meir enn i beina (buksa var trang, ja endatil trusa skar seg inn i kroppen!!) og vekta har gått opp omlag 2 1/2 kilo denne veka, fulgt av ei vag kjensle av å vere uvel, men ikkje ordentleg kvalm om de forstår.
Alt i alt, ikkje noko å skrike etter blålys for tenker eg, men eg er jo vand med å kjenne meg så veldig frisk og i god form her i mitt lavkarboliv, så no blir eg i stuss over kva som foregår her i kroppen min plutseleg. 
Men eg skal ikkje klage. Kjærasten min har det mykje verre akkurat no. Han jobbar heftig overtid - 84-timarsveke denne og neste. Trist for meg, som aldri får prata med han, men det blir bra i det lange løp. Overtidsbetaling blir til flybillett hit etter kvart 
__________________

|