Vis enkelt innlegg
Gammel 28-09-11, 14:37   #15
Mithila
Medlem
 
Mithila sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2010
Hvor: Hordaland
Alder: 39
Innlegg: 368
Mithila er på en erverdig vei

Sv: Vanskelig å begynne med lavkarbo igjen

Hei!
Så godt å høyre at andre også har det slik! Eg var veldig flink heile våren, men i sommar sklei det ut. Så starta eg med friskt mot i haust, men eg synes det er så vanskeleg med frokost og lunsj. På morgonen er eg svulten, men samtidig har eg ikkje lyst på mat. Nokre gongar lagar eg meg salat og slikt til å ha som niste (er lærar), og har klart å halde nista lavkarbo fram til nå. Likevel, når helga kjem, har sååå lyst på pizza og chips. Sambo har ikkje trua på lavkarbo, og er det han som lagar middagane. Foreløpig har det gått greit, han kommenterer ikkje kva eg et, men vil ha brød, poteter osv sjølv. På fredagane har det gått i heimelaga pizza, og eg VEIT jo at eg ikkje bør gafle i meg...likevel gjer eg det. Me har forsøkt å laga så tynn bunn som mogleg, men det er jo framleis karbo-pizza... Uff, det er ikkje lett når ein slit med motivasjonen!

__________________




Min journal: http://forum.lavkarbo.no/showthread.php?t=39309
Mithila er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Dahlquist/Hexeberg Svar med sitat