Sv: Sellerirot. Er det sesongvare?
Sei frå i butikken, om det er fleire som klagar, kanskje dei etterkvart høyrer etter?
Sellerirota veks over bakken faktisk... Eg har saksa frå brimiland.no: "Sellerirot er klassifisert som rotgrønsak, men er eigentleg ein oppsvulma del av stilken som veks over bakken".
Jordskokk er vel lov (dia-venleg då den inneheld inulin), persillerot og pastinakk er vel ganske høge i karbohydrat, trur eg. Har ikkje brukt dei sjølv.
Sellerirot er nydeleg som stappe, enten rein eller i blanding med blomkål, med plenty muskat i, ein kan vel prøve å fløtegratinere det, det går an å lage "røsti" ved å raspe og blande med ost, og så steike (finst oppskrift på forumet).
|