Sv: Kan jeg ha diabetes?
Er du oppe og drikk også om natta, eller berre for å tisse? Mannen min har dia2, og før han vart diagnostisert var han våken fleire gongar om natta og drakk, og han drakk mykje. Det var det vi merka det på + at han vart ganske tynn i løpet av eit halvår, utan å gjere noko for det, trur han gjekk ned 10-15kg i alle fall (han vegde seg ikkje så eg veit ikkje eksakt.)
Du er kanskje litt meir som meg at du har litt aktiv blære? For eg må somme tider opp om natta, men det skjer ikkje kvar dag. Men eg kan bli ganske tissatrengt ganske fort, sjølv om det ikkje er SÅ lenge sidan eg var på do.
Men kom deg for all del til lege om du er usikker, ikkje kjekt å gå rundt å vere redd for noko og ikkje vite...
|