For godt til å vere sant?
Hei-hei. Eg er ny her. Har ein historie med moderat lavkarbo bak meg. Kombinert med masse trening og litt rå kaloritelling gjekk eg ned ti kg i fjor. Men, så slutta eg å røyke, trene og uffffja.
Prøver no å ete meg inn i ketose :-). Har lest og brukt diett.no og ser eg får klaff med prosentane på fett+protein+karbohydrater. Men har vel såkalla fettfobi. Måtte virkelig anstrenge meg ( ) for å få nok fett .
Grunnen til at eg ikkje våger å tru det:
- Maten er hinsides deilig... Fråtsar i egg, deilige fløtesauser og biffar. Luskar ei bittelita proteinbrødskive under eggerøra på jobb. Slanking har før vert forbundet med kesam, knaskegullerøtter osv.
- Det er meir en nok mat - ingen sult - før har eg bøtta vatn for å stagge rumlinga
Når eg luskar meg inn og teller kalorier på det eg har spist, så er eg oppe i 2500 Kjenner angsten kjem krypande - er det mulig å gå ned 10 kg medan eg gafler i seg? Er livredd for å gå på ein smell her.
Har ikkje stort behov for søtt, men ein last: øl  Er ingen alkis altså, men Lørdagskosen er liksom ei iiiiiskald pils. Iflg diett.no kan eg knerte i meg to Tuborg Lite - dersom eg administrerer resten av maten smart samme dag. Er det også for godt til å vera sant?
Men altså: Ka skjer om ein får i seg t.eks berre 30-40% fett + 10-20% karb og resten protein... Blir det "ødelagt" då t.eks når ein ønsker å vere i ketose?
|