Sv: For godt til å vere sant?
Tusen takk for svar. Set pris på det...Skal slutte å telje kaloriar!! Men, sidan eg forsøker ketolyse, så er det jo like mykje telling som før, berre at det er andre ting som vert telt 
Det er berre så veldig rart å plutselig ete fløte, vanlig ost osv for ei som alltid har spist lettprodukt (og attpåtil med dårlig samvittighet )
Det er nok derfor eg høyres så frydefull ut. 
Kroppen reagerer for øvrig med hovudpine, men har forstått at det er ein overgang, så eg lar den ligge der å murre. Har berre holdt på sidan Freddan..
I går hadde eg 10 karb og 1700 kcal (ja...eg skal slutte frå i dag av ). Var god og mett, men slakk. Derfor åt eg litt kvitost og bacongull som snack om kvelden. Det kom seg veldig etter det. Eller kanskje berre noko eg trur.. Ventar på overskuddet..treng det virkelig - får fullt hus i jula.
Så vart eg overlykkelig når eg såg cottage cheese tråden. Er litt for glad i å sove på morgonen, så det å stå å brase egg osv før eg skal på jobb, ser eg kan bli for tidkrevande... Må ha kjappe frokostar a la pulver (jada, har drive med det også )
Forumet kjem til å bli avgjerande for meg jf oppskrifter. Filosofien er så fjern frå det eg har lært til no...
|