Sv: En tanke til de som forsvarer gammel norsk husmannskost..
Nja... Husmannskost er vel gamle dagers fattigmannskost, det. Kanskje slik som far min vaks opp, på eit forblåst lite bruk ved det store havet. Det dei hadde å leve av var silda dei drog på sjøen, potet og gulrot dei kunne dyrke sjølve. Ja dei kunne kanskje dyrke kålrabi også. Men ikkje stort meir, trur eg.
To skiver grovt brød per dag var det dei fikk. (Dei fikk velje om dei ville ha to til frukost, eller ei til frukost og ta den andre med til skolen.) Vassgraut e.l. (med sur skumma mjølk eller steikt i tran), og skumma mjølk kun til småbarna. Heilmjølk kunne dei så aldeles ikkje drikke - fløten dei fikk frå kyrne måtte jo inn til meieriet og bli pengar. Frukt fanst omtrent ikkje. Kor skulle den kome frå?
Feilernærte vart dei så det stod etter. Ein stor barneflokk, og halvparten av dei blei temmeleg korpulente, og det starta tidleg, enda dei hadde tungt fysisk arbeid og lite mat. Så genene frå den sida ligg nok ikkje tilrette for å trivst med den "sunne husmannskosten" i alle fall. Trur det er lett å romantisere det, i realiteten vel hadde mannen og kona og dei 12 ungane på husmannsplassen det ganske skrint.
__________________

|