Sv: Oppskrifter med skorsonerrot
Ei av mine favorittgrønsaker, har brukt det mykje i Belgia. Men det er noko skit å renske, så eg kjøper dei like gjerne hermetisert der nede.
Synest vel og merke ikkje at det smakar som jordskokk, men så toler eg dårleg jordskokk, men magen aksepterer svartrot/skorsonerrot. 
Enkelt og greit: rensa og kokt oppdelt rot i bitar (kok gjerne med sitron i vatnet, den blir lett misfarga, del i tommelange bitar, ca.) som du etterpå har i ei kasserolle med godt smør, salt, pepar og plenty med raspa muskat. La dei få kose seg i denne blandinga ei stund til dei har fått litt farge, men ikkje mykje. Vedig godt til heimelaga kjøtpudding.
|