Sv: Svartrot / skorsonnerrot
Det finst ein annan tråd her inne om denne flotte grønsaka også, kjekt at den blir oppdaga i Noreg også! Dei må skrellast og kokast, eg kokar i vatn med blank eddik og sitron i. Utan desse blir det kvite kjøtet innanfor det svarte skalet brunt. Eg kuttar dei i gaffelpassande bitar før dei blir kokt. Deretter i ny kasserolle med godt med smør, salt, pepar og muskat. Nydeleg til kjøt!
Einaste aberet er at det er eit rot å renske og skrelle, mykje sand og kliss... Derfor har eg mest brukt hermetiserte, men det var i Belgia, då eg budde der.
|